Fyrverkeri / pyroteknisk vareFor å kunne selje, oppbevare og avbrenning fyrverkeri og pyroteknisk vare må ein ha løyve frå kommunen.Å søke om løyveFor å kunne selje og oppbevare pyroteknisk vare, må ein søke om løyve til dette før salsesongen kvart år.Her søker du om sal og oppbevaring.Kursbevis for gjennomført forhandlarkurs, skal leggjast ved søknaden. Sjå punkt om forhandlarkurs lenger ned i artikkelen.Søknadsfrist for slikt sal er 1. mai.SalsperiodeOrdinær salsperiode for fyrverkeri er i tidsrommet 27. til og med 31. desember.OppskytingOppskyting av fyrverkeri er tillate frå 31. desember kl 18:00 til 1. januar kl 02:00.Kven kan få løyveLøyve kan bli innvilga til forhandlarar som har fast stad for utsal. Salet skal føregå over disk.Slik løyve vert gjeve etter vurdering av kvart einskild tilfelle.Søknad utover ordinær salsperiodeSkal du kjøpe fyrverkeri utover ordinær salsperiode, må du sende søknad til politiet. Dei sendar den vidare til brannvesenet for endeleg godkjenning, dersom avbrenning/oppskyting av fyrverkeri er tenkt nytta til anna formål enn ordinær nyttårsfeiring.Etter søknad frå kjøpar, kan brannsjefen ut frå ein brannteknisk vurdering av m.a. aktuell bruksstad og årstid, gje særskilt løyve til å kjøpe fyrverkeri utanom ordinær salsperiode.Søk om bruk av fyrverkeriAll bruk av fyrverkeri er søknadspliktig, bortsett fra på nyttårsaften. Du må søke i god tid før du planlegger å bruke fyrverkeri. Her kommer søknadsskjema for bruke av fyrverkeri.ForhandlarkursFor å kunne selje og oppbevare pyroteknisk vare, er det eit krav til forhandlarkurs i regi av Brannvernforeningen. Kursbevis skal ligge ved søknaden. Den som søker tillatelse til handel med pyroteknisk vare klasse II og III må drive handelsvirksomhet med fast utsalgssted, og kunne fremlegge firmaattest fra Foretaksregisteret.RegelverkVeiledning om håndtering av fyrverkeri Forskrift om håndtering av eksplosjonsfarlig stoff Sist endra 08.07.2024 10.14