Oljevern

Publikum som oppdagar oljesøl eller akutt forureining kan kontakte alarmsentralen ved å ringe 110, og på den måten iverksette aksjonar for å verne om liv, helse, miljø eller næringsinteresser.

Kommunal beredskap

Kommunene skal sørge for nødvendig beredskap mot mindre tilfelle av akutt forureining som kan inntreffe eller medføre skadeverknader innan kommunen, og som ikkje blir dekt av privat beredskap og der forureinar ikkje sjølv er i stand til å aksjonere. Ansvaret gjeld og der forureinar er ukjend.

Vestnes kommune er med i Romsdal Interkommunale Utvalg mot akutt forurensing, RIUA, som vil gi støtte ved behov i litt større aksjonar. RIUA er ein del av den kommunale beredskapen i Vestnes kommune mot akutt forurensing. På samme måte vil Vestnes Brannvesen vere ein del av RIUA si støtte ved tilsvarande hendingar i andre kommunar.

Kva utstyr er tilgjengeleg

Vestnes brannvesen har eit lite deponi med absorberande lenser, oljelenser og anna utstyr til å handtere mindre hendingar med oljesøl og anna akutt forureining.

Det er det brannvesenet som disponerer og øver med utstyret.

Beredskap for eiga verksemd

Einkvar organisasjon pliktar å sørge for beredskap for eiga virksemd. Ved akutt forureining eller fare for slik forureining er den ansvarlege for forureininga pliktig til å iverksette tiltak.

Regelverk

Lov om vern mot forurensninger og om avfall (forurensningsloven)
Forskrift om begrensning av forurensning (forurensningsforskriften)

Kontakt

Alexander Kenneth Connor
Jordbruk- og miljøansvarleg
E-post
Telefon 99 26 66 30

Opningstider

Rådhuset: 09:00 - 15:00

Adresse

Besøksadresse

Rådhuset
Brugata 10
6390 Vestnes

Kart