Politikontakt i Vestnes kommune

Politikontakten skal bidra til eit tettare og mer systematisk samarbeid mellom politiet, kommunen og lokale aktørar for å førebygge kriminalitet og skape trygge lokalsamfunn.

I Vestnes kommune er det tjenestestedsleder Ragnhild Aas som er politikontakt.

Politikontakten sin rolle

Politikontakten skal bidra til eit tettare og meir systematisk samarbeid mellom politiet, kommunen og lokale aktørar for å førebygge kriminalitet og skape trygge lokalsamfunn.

Politikontakten vil mellom anna arbeide med førebygging opp imot skule, barnehage, frivillige organisasjonar og befolkninga generelt. 

Politikontakten sine oppgåver

  • Ivareta politiet si rolle og interesse i samarbeid med kommunen.
  • Sørge for oppfølging av kriminalitetsførebyggande strategi og politiet si nærpolitirolle.
  • Vere pådrivar for eit fungerande samarbeid mellom politiet og Vestnes kommune.
  • Vere eit av dei viktigaste kontaktpunkta mellom politiet, befolkninga og dei ulike aktørane i kommunen. 
  • Vere eit supplement til det øvrige kriminalitetsførebyggjande arbeidet i kommunen. 
  • Gi råd og sikra rett bruk av metode og tiltak. 
  • Følge opp avtalar, planar og forpliktelsar.
  • Delta i kommunens krisestab ved større hendingar beskrive i samarbeidsavtala. 

Slik kontaktar du politikontakten

Befolkninga i Vestnes kommune kan kontakte tjenestestedsleder Ragnhild Aas direkte på e-post eller telefon 909 75 155. Dette kan omhandle politifaglege spørsmål, bekymringar eller rett og slett behov for å snakke med ein polititenesteperson.

Dersom ein vil avtale tid kan dette gjerast alle kvardagar mellom kl 08:00 - 15:00 på telefon 71 19 21 18. Utanom kontortid (08 - 15) må publikum ringe politiet 02800. Ved naud må ein ringe 112.

Kontakt

Politikontakt Ragnhild Aas
Tjenestestedsleder, Vestnes
E-post
Telefon 71 19 21 18
Mobil 90 97 51 55