Kommunen sitt ansvar i ein krisesituasjon er å delta i arbeidet med skadeavgrensande tiltak for å sikre menneske, miljø og økonomiske verdiar. Det kan og vere situasjonar der kommunen sjølv er ansvarleg for å handtere hendingar. Dette kan vere i samband med smitteutbrot osv. Andre oppgåver som kommunen kan få ansvar for å handtere i ein krisesituasjon kan vere:
- Ta hand om skadde personar
- Omsorg for personar som har vore utsette for store påkjenningar
- Assistanse ved evakuering av personar frå eit utsett område
- Innkvartering av personar eller redningsmannskap
- Informere om situasjonen i kommunen og gje rådgjeving i samråd med politi
- Forpleiing eller anna forsyningsstøtte
Vestnes kommune har ein beredskapsplan som gjeld for heile kommunen sin organisasjon. I tillegg har kommunen delplanar til beredskapsplanen for ulike fagområder.
Beredskapsplan for Vestnes kommune (PDF, 977 kB)
Etablering av kriseleiinga
Det er kommunedirektøren og ordførar som på oppfordring eller eige initiativ som kan kalle inn og etablere kriseleiinga sin stab, og avgjer kven som skal kallast inn. Kontaktinformasjon til kommunedirektøren og ordføraren ligg i tabellen under. I sentralbordets opningstid kan du og ringe 71 18 40 00.
Samansetning kriseleiing
Revidert 26.11.2024
Etablering av psykososialt kriseteam
Det er etablert psykososialt kriseteam i kommunen som skal kunne aktiveres ved akutte hendingar, kriser eller ulykker med behov for rask og tverrfagleg psykososial innsats. Psykososialt kriseteam kan aktiverast av eksempelvis legevakt, AMK, ambulansepersonell, politi, brannbefal, medlemmer i kriseteamet, eller ved pålegg frå kommunedirektøren eller ordførar.
Publikum kan ved behov for bistand også ringe direkte til medlemmane i lista under, men fortrinnsvis leiar eller nestleiar.
Samansetning psykososialt kriseteam
Revidert 16.01.2024
Informasjon om smittevern