Leige kommunal bustad

Å skaffe seg bustad er i utgangspunktet eit privat ansvar, og det er ingen lovfesta rett å få tildelt ein kommunal bustad. Kommunen kan likevel hjelpe til i enkelte tilfelle. 

Målgruppa er personar som har vanskar med å skaffe bustad på den private bustadmarknaden grunna økonomi, helsemessige/sosiale forhold eller personar som har behov for ein særskilt tilpassa bustad. Aktuelle bustader kan vere ordinære utleigebustader, fysisk tilrettelagte bustader eller bustader med tilknytt bemanning.

Det er utarbeidd eigne retningsliner for tildeling av kommunal bustad i Vestnes (PDF, 1007 kB).

Kor ligg bustadene?

Dei fleste kommunale bustadene ligg i eller nær Vestnes sentrum. I tillegg har kommunen nokre bustader i Tomrefjord og Tresfjord. Kommunen har tildelingsrett til ein del bustader eigd av Stiftelsen Vestnes Trygdebustader. Desse ligg i Åsbygda og på Vikebukt.

Kven kan søke?

På søknadstidspunktet må søkar ha lovleg opphald i Noreg, ha budd i Vestnes kommune dei siste 2 åra og vere, eller vere i ferd med å bli, utan eigna bustad. Når særlege grunnar gjer kravet til butid urimeleg, kan det bli gjort unntak frå kravet. Søkar må som hovudregel vere over 18 år.

Bustader til flyktningar fell ikkje inn under dei same retningslinjene.

Kva kostar det?

Husleiga varierer ut frå kor bustaden ligg, kva standard den har og størrelse. Pr. 2022 er leigeprisane for bustadene som følgjer (pr. månad):

Prisar - utleige kommunale bustader
Stad Pris
Senior Plaza, eitt soverom (Stadionvegen 1) kr 7.040 inkl. TV
Senior Plaza, to soverom kr 7.685 inkl. TV
Aktivitetssenteret, eitt soverom (Brugata 8) kr 7.040 inkl. TV
Andre kommunale bustader/bustader i stiftelsen ca kr 5.000-8.000

Ved dei fleste bustadene kjem utgifter til straum, TV og internett i tillegg. Det er ikkje krav om depositum i kommunale bustader. Ved bustader eigd av stiftelsen er det krav om 2 månaders depositum/garanti.

Eigenskaper ved bustadene

Ingen av bustadene er møblert eller har kvitevarer. Talet på soverom varierer frå eitt til fire. Det er vedomn i nokre av bustadene. Det er tilgjengeleg parkeringsplass ved dei fleste bustadene. Nokre av bustadene er universelt utforma og tilrettelagt for personar med rullestol etc.

Slik søker du

Søk om kommunal utleigebustad her

Dersom du ikkje kan nytte det elektroniske skjemaet finn du papirsøknadsskjema her. Ta kontakt med kommunen om du treng hjelp til utfylling eller for utlevering av papirskjema. Skjema kan sendast per post om ønskeleg. 

Når det vert ledig bustader ved Senior Plaza og Aktivitetssenteret vert dette annonsert i lokalavisene og på kommunen sine nettsider.

Kva skjer vidare?

Når søknaden er motteken hos Vestnes kommune vert denne behandla av ei eiga tildelingsnemnd. Nemnda vil vurdere søkaren sine behov og avgjere om ein får tilbod om bustad. Søkaren kan bli kalla inn til samtale i samband med vurdering av søknaden. Søknader vert behandla i medhald av forvaltningslova, som inneber at du vil få svar innan 4 veker. Den som etter vedtak i tildelingsnemnda får tilbod om bustad får høve til å sjå bustaden først og vil få ein rimeleg frist for å vurdere tilbodet.

I kommunale utleigebustader (gjennomgangsbustader) vert det som hovudregel inngått 3-årige leigekontrakter. Ved omsorgsbustader og bustader med tilknytt bemanning vert dei fleste leigekontrakter inngått med tidsubestemt varighet.

Teieplikt

Dine personopplysningar er underlagt teieplikt, og informasjon knytt til din søknad vert behandla forsvarleg og etter gjeldande lovverk.

Klage

Vedtaket vert sett på som eit enkeltvedtak og saksbehandlinga følgjer forvaltningslova. Klage på vedtak sendast skriftleg til kommunen si nemnd for tildeling av bustader. Klagefrist er 3 veker. Om påklaga vedtak ikkje vert omgjort, skal klaga utan opphøyr bli sendt til kommunen sitt klageorgan, som er Formannskapet. Vedtak gjort av Formannskapet kan ikkje klagast inn.

Kontakt

Kontaktpersonar utleigebustadar

Ordinær bustad:
Øystein Hole
Omsorgsbustad/særskild tilrettelagd bustad vert formidla via Eining for tildeling og koordinering:
Marit K. Tomren
Siri Myklebust 
Linda Gravem 

Opningstider

Telefon- og opningstid:
Kvardagar 10:00 - 14:00

Oppfordrar publikum til å ta kontakt elektronisk.
Utanom opningstid må ein ha avtale på førehand.