BustønadBustønad er ein statleg støtteordning for deg som har lav inntekt og høge bukostnader. Bustønad er styrka i ein periode med høge straumutgifter - lenke til informasjon på Husbanken.no Sjekk om du kan få bustønad Du kan sjå om du kan få bustønad, kva krav som gjeld for bustaden og kva inntektsgrenser som gjeld. Du kan og prøve bustønadkalkulatoren. Sjekk om du kan få bustønad Søk bustønad Søknadsfristen er den 25. kvar månad. Utbetaling skjer ca. den 20. i påfølgjande månad. Dersom du får innvilga bustønad, blir søknaden din overført til neste månad. Får du avslag fordi du har høg inntekt ein månad, blir søknaden din overført til neste månad automatisk. Søk bustøtte på Husbanken.no Meld fra om endringar Du har plikt til å melde frå dersom det er endringar i opplysningane du har gitt i søknaden. Sjekk alltid at det er brukt riktige opplysningar i vedtaket du får. Meld frå om endringar Klage på vedtak Dersom du meinar noko er feil i vedtaket, kan du klage innan 3 veker etter du motteke vedtaket. Du kan klage på vedtak på husbanken sine nettsider Mer informasjon Du finn meir informasjon om bustønad på husbanken sine nettsider. Du kan og henvende deg til servicekontoret for å få hjelp og rettleiing. Regelverk Lov om bustøtte (bustøttelova) Forskrift om bustøtte Sist endra 17.10.2023 16.26