Med HelsaMi har du kontroll på dine eigne helseopplysningar til einkvar tid, og du vil samtidig alltid ha opplysningane tilgjengeleg. HelsaMi er tilgjengeleg via ein eigen app eller i nettlesaren.
Vestnes kommune vil ta i bruk Helseplattformen frå 3. november, og det er frå same dag du kan ta i bruk HelsaMi. Merk at det vil være begrensa moglegheiter i starten.
Det er helt frivillig å bruke HelsaMi. Det er eit tilbud til deg som ønskjer ein digital veg inn til helse- og omsorgstenester.
Treng du hjelp med å forstå HelseMi?
Då kan du kontakte Helseplattformen sin brukarstøtte på telefon 72 88 37 97 kvardagar frå kl 9 - 15.
Hugs å sjekk om dine opplysningar stemmer
Kontakt- og pårørandeinformasjon frå tidligare kommunale journalsystem vil ikkje vere lagt inn i HelsaMi. Det er derfor viktig at du legg inn informasjon om pårørande, samt din kontaktinformasjon.
Kva informasjon ser du i HelsaMi?
I starten vil du finne lite opplysningar i HelsaMi, men det vil vere spesielt nyttig for deg som:
- er gravid
- har barn under 16 år
- er over 16 år, og brukar helsestasjon for ungdom
- er pårørande
Mengden opplysningar vi har om deg vil endre seg over tid. Etter kvart som du brukar kommunale helsetenester, som jordmor, helsestasjon eller liknande, vil du finne meir informasjon.
I HelsaMi kan du få oversikt over timeavtaler og besøkssamandrag frå konsultasjonar og møte. Det er også mogleg å få og sende meldingar til dine helsekontakter, samt bestille og avbestille time.
Har du barn under 16 år, kan du bruke HelsaMi på vegne av eigne barn. Du kan mellom anna sende inn samtykkeskjema og følgje opp barnet ditt.
Du kan også få tilgang som pårørande i HelsaMi. Då vil du ha kontroll på opplysningane som gjeld eksemelvis dine barn eller foreldre.
Desse kommunale helsetenestene finn du i HelsaMi
Fra 3. november vil desse helsetenestene ta i bruk HelsaMi:
- Helsestasjon
- Fysioterapi og ergoterapi
- Jordmødre
- Tildeling og koordinering
- Psykisk helse og rus
- Hjelpemiddelsentralen
Om du brukar nokon av desse tenestene, vil du kunne mellom anna søke om tenesta og sende melding til din kontaktperson. Det finst og moglegheiter for digital oppfølgjing heime og videokonsultasjonar i HelsaMi.
Er du gravid og brukar HelsaMi, kan du legge inn alle helseopplysningar om deg direkte i appen. Du vil sleppe helsekort for gravide, på papir.
Innkalling til helsestasjon vil komme via HelsaMi, det same for psykisk helse og rus.
Det er fleire ting du kan gjere i HelsaMi, eksempelvis:
- Sjp timeavtaler i kommunehelsetenesta
- søke om kommunale tenester som kommunen har valgt å gjøre tilgengelige
- skrive til helsepersonell og få svar innen kort tid
- be om innsyn i din journal
- videokonsultasjonar
- oversikt over prøvesvar
- be om tilgang på vegne av til døme dine barn eller eldre foreldre
- svare på spørjeskjema fra behandlere i forkant av time
Etter kvart som dei tilsette i din kommune bruker Helseplattformen, vil du som innbyggar sjå meir innhald og bruke fleire tenester.
HelsaMi er eit tillegg til Helsenorge. HelsaMi hentar helseinformasjon frå den nye pasientjournalen, Helseplattformen.
Nyttig å vite om HelsaMi
- Det er informasjon om deg som skjer etter 3. november som vil bli synleg i HelsaMi. Har du hatt time, besøk eller brukt andre kommunale helsetenester tidllegare enn denne dato, så vil du ikkje kunne sjå denne informasjonen.
- Tilsette ser i journalsystemet dei jobber med om du brukar HelsaMi eller ikkje.
- Du må vere over 16 år og ha beslutningskompetanse for å bruke HelsaMi.
- HelsaMi kjem som ein eigen app for smarttelefon og nettbrett, men du kan og logge inn via helsami.no.
Kva er Helseplattformen?
Helseplattformen er ein ny, felles pasientjournal for heile helsetenesten i Midt-Noreg. I dag ligg dine helseopplysningar i fleire ulike datasystem som ikkje snakkar med kvarandre. Som pasient må du gjenta historia di kvar gong du møte ein ny person i tenesta. Med Helseplattformen vil du no få EIN journal som skal følgje deg i alle møte med helsetenesta. At helsepersonell har tilgang til rett informasjon til rett tid, samlet på ein og same plattform, vil og auke pasientsikkerheita di.
Syjukehusa i Møre og Romsdal vil etter planen ta i bruk Helseplattformen våren 2024. Det er ikkje bestemt når fastlegane i Vestnes tek i bruk legeløysinga i systemet.
Les meir om Helseplattformen
Ofte stilte spørsmål om HelsaMi
Det er mange fordelar med å bruke HelsaMi, men i første omgang spesielt dei som bruker desse tenestene:
- Helsestasjon
- Fysioterapi og ergoterapi
- Jordmødre
- Tildeling og koordinering
- Psykisk helse og rus
Brukar du desse tenestene, kan du kontakte din behandlar direkte via HelsaMi. Du kan og sjå dine helseopplysningar, bestille og avbestille time. Innkalling til helsestasjon vil og komme via HelsaMi.
Du vil fortsatt ha tilgang til Helsenorge.no. HelsaMi er eit supplement der du finn meir informasjon om deg enn det som ligg på Helsenorge.no. I HelsaMi finn du informasjon om kommunale helsetenester.
Har du vore på St. Olavs Hospital og fått behandling eller liknande, vil du finne informasjon om dette i HelsaMi.
Du kan fortsatt endre og bestille behandlingstimar på telefon som før.
Dersom du ønskjer, kan du også la ein av dine næraste pårørande eller andre få tilgang til dine opplysningar i HelsaMi. Då kan dei mellom anna hjelpe deg med timebestillingar, og hjelpe deg å ha oversikt over dine helseopplysningar og behandlingar.
Om du har barn under 16 år, kan du se opplysninger om dine barn. Du kan også:
- bestille og avbestille time
- sende inn samtykkeskjema
- følge opp barn
Som forelder vil du spare tid på å kommunisere via HelsaMi.
Om du er gravid, kan du no få eit digitalt helsekort i HelsaMi. Du vil sleppe å ta med deg papirversjonen dit du skal.
Det er og ein fordel at du som gravid alltid har dine opplysninger tilgjengeleg, uansett kor du oppheld deg i verda.
For deg som nettopp har fylt 16, kan du bruke HelsaMi. Når du er innlogga kan du sjølv sjekke at kontaktopplysningane om deg stemmer. Du kan gå inn i menypunktet «Personlige opplysninger» for å sjekke at du har lagt inn riktig pårørande, og at kontaktinformasjonen stemmer.
For deg som nettopp har passert 16 år og kan ta i bruk HelsaMi er det spesielt smart å sjekke at det er ditt mobilnummer som står oppført og ikkje foreldre eller føresette som står der. Fram til du er 16 år kan foreldre eller andre med foreldreansvar ha innsyn gjennom HelsaMi. Ved å sjekke sjølv sikrar du at helsetenesta har riktige personopplysningar om deg.
Kommunen vil opne opp for fleire moglegheiter etter kvart.
- Det er kun helseopplysningar som skjer etter 3. november du vil finne.
- Når Helse Møre og Romsdal tek i bruk Helseplattformen, vil du også finne helseopplysningar fra sjukehusa. Det vil etter planen skje våren 2024.
- Fastlegane har ikkje tatt i bruk Helseplattformen, og dermed ikkje HelsaMi. Når dei tek i bruk Helseplattformen, vil du og finne informasjon frå fastlegen.
Det er ikkje bestemt når fastlegane i Vestnes tek i bruk legeløysinga i systemet. Når dei tek i bruk systemet, vil du kunne:
- sjå timeavtalar du har på legekontoret.
- sjå svar på prøver du har tatt på legekontoret.
- sjå informasjon som notatar og besøkssamandrag som legen deler med deg. Det er fortsatt legen som avgjør kva som blir delt med deg i din pasientjournal.
- på appen HelsaMi på mobiltelefon eller nettbrett
- på nettsida helsami.no
Du loggar på med sikker innlogging med ID-porten (til dømes Bank-ID).
På sikt kan du det. Vi arbeider med å få på plass dette, men du må nok vente litt. Vi vil informere når dette er på plass.
Ikkje enda. Vi arbeider med å få på plass moglegheiter til å både søke og klage på kommunale helsetenester.