Tilbod om foreldrekurs - hausten 2024

Helsestasjonen tilbyr foreldrekurs i haust for foreldre med barn i barnehagealder og opp til 12 år. Frist for påmelding er 01.10.2024.

Foreldrekurset bygg på dei prinsippa og temaet som er viktige for ei trygg tilknyting.

Kurset har eit førebyggande perspektiv og passar for alle foreldre.

Kurset har som mål å gi foreldre eit verktøy for å forstå betre barnet sitt behov, kva signal barnet gir og korleis foreldre kan støtte barnet best mogleg. Kurset er basert på modellen Trygghetssirkelen (Circle of Security). Les meir om teamet i lenka: Ressurser for foreldre – Circle of Security International.

Når og kor går kurset

  • 6 kursdagar - tysdagar frå kl 13:30 - 15:30
  • Oppstart 15. oktober til 19. november
  • Kurstad: Aktivitetssenteret 2. etg – Eining for familie og helse.


Kurshaldarar: Sandra Våge-Nikolaisen,  Anne-Marlen Løvik Salte og Marit Ekli.

Bindande påmelding innan 01.10.2024.

Påmelding