Helsestasjon for ungdom (HFU)Helsestasjon for ungdom er eit helsetilbud til alle barn og unge mellom 13 - 20 år. Kven kan få tilbodet?Dette er eit gratis tilbod for gutar og jenter mellom 12-20 år, og du treng ikkje bestille time - berre møt opp (drop-in timar).Kva kan du få hjelp til?Helsestasjon for ungdom er eit supplement til skulehelsetenest (sjå lenke). Her møter du helsesjukepleiar og lege. Dei kan kontaktast om fysisk eller mental helse eller om du har andre spørsmål knytt til din livssituasjon, som for eksempel:PrevensjonGraviditetKjønnssjukdommarRus og rusmisbrukSeksualitet og seksuell legningTristheit/einsamheitVonde opplevingarVi kan hjelpe med resept på prevensjon, graviditetstestar, klamydiatestar og underlivsundersøkingar. Vi henviser til fastlege eller spesialist dersom det er behov. Alle vi som arbeider på helsestasjon for ungdom har teieplikt.Følg Helsestasjon for ungdom på facebookDu kan få snakke medHelsesjukepleier Anita Karin Kvalsvik mellom kl 15:00 - 17:00 og lege Charlotte Louise Olafsen mellom kl 15:00 - 16:00. Dei er tilgjengeleg kvar tysdag, unntatt i skuleferiar.Kva kostar det? Tilbodet er gratis.RegelverkHelse og omsorgstenesteloven Pasient- og brukerrettighetsloven Sist endra 29.11.2023 15.21