Kven kan få BPA?
BPA er ein alternativ måte å organisere personleg bistand (personleg assistanse) for personar med nedsett funksjonevne og fortrinnsvis stort bistandsbehov, både i og utanfor heimen.
Krav til søker
Du må fylle vilkåra i pasient- og brukarrettigheitslova § 2-1 a annet ledd, det vil sei at det er nødvendig med helse- og omsorgstenester.
Du må ha et langvarig (over 2 år) og stort behov for personlig assistanse.
Du må vere under 67 år.
Det er i utgangspunktet ei forutsetning at tenestemottakar både ønskjer å påta seg det ansvaret arbeidsleiarrolla inneber, og at vedkomande har forutsetning for å ivareta denne rolla på eine forsvarleg måte. Dersom tenestemottakar sjølv ikkje kan vere arbeidsledar, kan arbeidslederrolla ivaretakast av nokon som kjenner tenestemottakar godt.
Alternativt kan BPA organiserast av kommunen sjølv eller leverast av ein privat aktør som påtek seg å drifte ei BPA-ordning.
Kva kan du få?
Du får ein eller fleire assistentar som gir deg praktisk hjelp i kvardagen.
Tenester som krev medisinsk fagleg kompetanse skal normalt ikkje inngå i tildelinga av BPA.
Det er gjort unntak for tenester som krev fleire enn ein tenesteytar til stades.
Slik søker du
Les meir korleis du søker på helse- og omsorgstenester her
Kva kostar det?
Kommunen kan kreve vederlag for helse- og omsorgstenester frå pasient og brukar når det følgjer av lov eller forskrift, og eigenandel for BPA følger denne forskrifta.
Sjå kommunen sine betalingssatsar her.
Slik klager du
Les meir korleis du klagar på helse- og omsorgstenester her.
Informasjon om BPA og leverandørar
Målsetting med ordninga brukarstyrt personleg assistanse (BPA) er å bidra til at personar med stort bistandsbehov får eit aktivt og mest mogleg uavhengig liv til tross for funksjonsnedsettinga.
Ved å tilsette eller leige assistentane sine kan brukaren organisere hjelpa sjølv. Brukar eller anna frivillig person som brukar peikar ut kan vere arbeidsleiar for assistentane.
Dersom det er snakk om bruk av familiemedlemmer eller andre nærståande må det vere godkjent i førekant av den som har vedtaksmynde i kommunen.
Som arbeidsleiar har du ansvar for å tilsette, lære opp og organisere assistentane og arbeidet deira i samsvar med arbeidslivet sine lover og avtalar. BPA kan gi deg større fridom til å avgjere kven som skal hjelpe deg, korleis hjelpa skal gjevast og når den skal gjevast.
I Vestnes kommune kan du velje mellom fleire private leverandørar som skal ha arbeidsgjevaransvaret for assistentane dine. Oversikt over kvalifiserte BPA-leverandørar finn du nedanfor. BPA leverandøren du vel skal gi deg nødvendig opplæring til å kunne administrere ordninga, og vere støtte for deg som arbeidsleiar.
Kommunen har det overordna ansvaret for at BPA-tenestene er forsvarlege og at regelverket vert etterlevd.
Om BPA-tenesta av ulike grunnar ikkje fungerer må du ta kontakt med kommunen.
- Les informasjon om leverandøren på heimesida deira på internett. Du finn informasjon ved å trykke på lenka til valt leverandør i oversikta ovanfor
- Dersom du ynskjer meir informasjon enn det som står på Internett ta ein telefon til leverandøren
- Snakk gjerne med nokon som du kjenner som har kjennskap til leverandørane for å høyre om dei vil anbefale en av dei
Du tar kontakt med einingsleiar som har fatta vedtak om BPA og melder frå om valet ditt. Kontakt kan du ta på telefon.
Det held ikkje berre med å gi beskjed til den som har vedtaksmynde i kommunen, men du må også signere kontrakt med den nye leverandøren du vel.
I kontrakten må du fylle ut naudsynt informasjon om deg sjølv og signere den. Deretter må du sende kontrakten til den valte leverandøren som signerer kontrakten før dei sender den vidare til kommunen. Når einingsleiar også har signert og sendt kontrakten i retur til deg er avtalen inngått mellom alle tre partar.
Det er ingen avgrensing på kor mange gonger du kan bytte leverandør. Du treng ikkje gi noko grunn til bytte. Einingsleiar vil ta kontakt med din gamle leverandør for å informere om ditt val.
Regelverk
Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester m.m. (helse- og omsorgstjenesteloven)
Lov om pasient- og brukerrettigheter (pasient- og brukerrettighetsloven)
Rundskriv fra Helse- og omsorgsdepartementet - BPA (PDF, 69 kB)
Rettighetsfesting av brukerstyrt personlig assistanse (BPA) (PDF, 172 kB)
Brukerstyrt personlig assistanse. Rundskriv til lov om sosiale tjenester mv. (PDF, 151 kB)