HeimesjukepleieHeimesjukepleie gir hjelp og rettleiing til eldre, sjuke eller personar med nedsett funksjonsevne som bur heime. Tilbodet gjeld også menneske som har behov for helsehjelp etter sjukehusopphald. Behovet blir vurdert fortløpande.Kva kan vi tilby? hjelp med medisin og medisinske prosedyrardagleg stellsårbehandlingrettleiing om kosthald og helsespørsmålhjelp til å stå opp, legge deg og toalettbesøkrettleiing og opplæring slik at du kan meistre oppgåver på eigenhand (dosere medisin, skifte stomi osv.)Stell og pleie til alvorleg sjuke og døyandeStøtte og rettleiing til pårørande Palliativ plan - sjå meir informasjon på Helse Møre og Romsdal sine nettsider Heimetenestene - kontaktinformasjon Kreftkoordinator - 60 % stilling Kreftsjukepleiaren skal gje eit tilbod til alle kreftsjuke og deira pårørande i kommunen.Kreftsjukepleiaren sine oppgåver vil vere mange og utfordrande, noko som speilar seg i den komplekse situasjonen som kreftpasientane er i. Kreftpasientar og deira pårørande må forhalde seg til mange instansar og ulike menneske i ein sårbar og vanskeleg fase i livet. Vi ønskjer at dette tilbodet skal skape større tryggheit og betre livssituasjonen for kreftpasientar og pårørande.Kreftkoordinator i Vestnes kommune: Rita Skjegstad - mobil: 95 09 80 82 Rehabiliteringssjukepleiar Rehabiliteringssjukepleiaren kartlegg saman med deg dei utfordringane du har i kvardagen. Det blir laga ein plan ut fra dine mål. Du får tett oppfølging i ein tidsavgrensa periode. Målet er at du skal få best mogleg funksjon, at du skal oppleve meistring og sjølvstendigheit i kvardagen og kunne delta sosialt. Tverrfagleg samarbeid med fysioterapeut, ergoterapeut og personell i heimesjukepleien. Einingsleiar, Heimetenestene Elisabeth Sylte er einingsleiar for Heimetenestene og har det overordna ansvaret for eininga. Kontaktinformasjon til einingsleiar Elisabeth Sylte Avdelingsleiar, Heimetenestene Avdelingsleiar i Heimetenestene er Linn Jeanette Pettersen. Kontaktinformasjon til Linn Jeanette Pettersen Heimesjukepleie - vakttelefon Dersom du treng å komme i kontakt med heimesjukepleien direkte kan dei kontaktast på vakttelefon 971 54 606. Krav til søkarDu må ha eit hjelpebehov som skuldast sjukdom eller nedsett funksjonsnivå, eller ha behov for helsetenester i heimen.Kva kostar det?Heimesjukepleie er gratis. Pasienten betaler kun medisin og eventuelt medisinsk utstyr. Slik søker duLes meir korleis du søker på helse- og omsorgstenester her Slik klagar duLes meir korleis du klagar på helse- og omsorgstenester her. Sist endra 29.07.2024 14.33