MatombringingVestnes kommune gjev tilbod om kjøp av varm middag som er produsert ved sentralkjøkkenet ved Vestnes sjukeheim. Måltidet blir køyrd ut til heimen, ein eller fleire dagar i veka.Kven kan få tilbodet?Tenesta kan gis til heimebuande som på grunn av sjukdom, alder eller nedsett funksjonsevne ikkje er i stand til å syte for ernæringsbehovet sitt.Kva kan du få?Middagsmåltid er laga med utgangspunkt i kosthaldshandboka, Veileder i ernæringsarbeid i helse- og omsorgstjenesten (PDF, 6 MB) utgitt av Helsedirektoratet. Dette går på menyval som er tradisjonell norsk mat, storleiken på porsjonane, næringsinnhald m.m.Vi tilbyr også diett-kost ut frå behov. Døme på dette er diabeteskost, glutenfri kost, skånekost m.m.Middagen blir bringa varm heim til brukarane i tida 11.30-14.00 måndag til fredag. Kommunen er delt i 3 områder, og ein bil dekkjer sitt område.Les meir om sentralkjøkkenet.Han du spørsmål kring matombringing?Tenestekontoret eller avdelingsleiar Christell Hellström i heimetenestene kan då kontaktast.Slik søker duLes meir korleis du søker på helse- og omsorgstenester herSlik klager duLes meir korleis du klagar på helse- og omsorgstenester her.Kva kostar det?Sjå kommunen sine betalingssatsar her.RegelverkDette er eit kommunalt servicetilbod som ikkje er ei lovpålagt teneste. Sist endra 06.02.2024 08.51