Tryggleiksalarm

Vestnes kommune gir tillbod om tryggleiksalarm med brannvarsling som er knytt til vaktsentral heile døgnet.

Kva tilbyr vi?

Tryggleiksalarm er ein fastmontert alarm i heimen som kan nyttast for å komme i kontakt med helsefagleg personell i ein akutt situasjon heile døgnet. Personell rykker ut ved behov. Tryggleiksalarmen kan bærast rundt halsen eller på arma som eit armbandsur. Alarmknappen er fukttett og kan nyttast i dusj.

Kven kan få tilbodet?

Tenesta kan tilbys til heimebuande som på grunn av sjukdom, alder, nedsett funksjonsevne har behov for å enkelt kunne tilkalle hjelp i akutte situasjonar eller som føler seg utrygge ved å bu åleine.

Kva kostar det?

Nytt frå 2024 er at personar som fagleg blir vurdert til å ha rett på tryggleiksalarm som helsehjelp skal ha gratis montering og leige.

Sjå kommunen sine betalingssatsar her.

Slik søker du

Les meir korleis du søker på helse- og omsorgstenester her.

Slik klager du

Les meir korleis du klagar på helse- og omsorgstenester her.

Regelverk

Dette er eit kommunalt servicetilbod som ikkje er ei lovpålagt teneste.

Kontakt

Tildeling og koordinering
E-post
Telefon 47 66 27 33

Opningstider

Telefon- og opningstid:
Kvardagar 10:00 - 14:00

Oppfordrar publikum til å ta kontakt elektronisk.
Utanom opningstid må ein ha avtale på førehand.

Adresse

Besøksadresse

Helsehuset Stella Maris
Brugata 6
6390 Vestnes

Kart