Influensavaksine

For nokon kan influensa gi alvorlege komplikasjoner. Personar i risikogruppene bør ta influensavaksine årleg. Helsegevinsten kan vere stor om desse vaksinerer seg.

Bestill vaksinetime

Du kan få samvaksinering med influensavaksine og ny oppdatert koronavaksine på Vestnes Legesenteret, ønsker du begge to så settast dei same dag. 

Det blir ikkje sett opp fleire faste datoar for fellesvaksinering. 

Du bestiller time for vaksinering direkte til Vestnes Legesenter. Du kan bestille via appen Pasientsky eller du kan ringe legesenteret i åpningstida, telefon 71184100. 

Influensavirus endrar seg heile tida. For å oppnå best mulig beskyttelse vert vaksina tilpassa kvart år. Vaksina bør takast frå oktober - desember, og full beskyttelse oppnås etter 10-14 dagar.

Kostar det noko å ta vaksina?

Influensavaksina kostar kr 220,- i tillegg kjem enkel pasientkontakt på kr 61-. Dette må betalast ved vaksinering (dersom du ikkje har frikort). Koronavaksina er gratis.

Kven bør ta vaksina

Folkehelseinstituttet anbefalar vaksine til:

  • Alle frå fylte 65 år
  • Bebuarar i omsorgsbustader og sjukeheim
  • Gravide i 2. og 3. trimester, og gravide i 1. trimester med annen tilleggsrisiko
  • Prematurt fødte barn, særleg barn født før veke 32 i svangerskap, frå 6 mnd til 5 år

Born og vaksne med:

  • Diabetes type 1 og 2
  • Kronisk luftvegssjukdom
  • Kronisk hjarte- og karsjukdom
  • Leversvikt eller nyresvikt
  • Nevrologisk sjukdom
  • Svekka immunforsvar
  • Svært alvorleg fedme
  • Anna alvorleg og/eller kronisk sjukdom der influensa utgjer ein alvorleg helserisiko etter individuell vurdering av lege

I tillegg vert influensavaksine anbefalt til: 

  • helsepersonell og andre tilsette i helse- og omsorgstjenesta som har nær kontakt med pasientar ved behandling eller pleie
  • Personar som bur saman med (eller tilsvarande nære) immunsupprimerte
  • Svinerøktarar
  • Saneringspersonale og andre som jobbar med mistenkt eller bekrefta influensasjuk tamfugl

Du finn meir informasjon om influensavaksina på Folkehelseinstituttet.no.

Opningstider

Måndag - torsdag 08:30 - 16:00
Fredag 09:30 - 16:00

Telefontid
Kvardagar 09:00 - 15:30

Adresse

Besøksadresse

Brugata 6
6390 Vestnes

Kart