AvlastningAvlastning skal gjere det mogleg for private omsorgsytarar å fortsette omsorgsarbeidet.Kven kan få tenesta?Pårørande eller andre som utfører særlig tyngande omsorgsarbeid for funksjonshemma, sjuke eller pleietrengande personar. Kvan kan du få?Avlastningstiltak skal gjere det mogleg for omsorgsytaren å få kvilt ut og få tilstrekkeleg fri frå omsorgsarbeidet. Avlastningstiltak inneber at kommunen i ei kortare eller lengre periode sjølv yt dei helse- og omsorgstenestene som den som har hjelpebehovet har rett til, men som den private omsorgsytaren vanlegvis gir. I mange tilfeller gis avlastning som kortvarige opphald i institusjon eller heime hjå avlastar som er ansatt av kommunen, men tenesten kanogså gis i heimen til den som har hjelpebehovet eller på anna måte som er forsvarleg for begge dei private partane.Sjå meir om omsorgsstønad.Sjå meir om rettleiing og opplæring.Krav til søkarDet forutsett at den private omsorgsytaren utfører omsorgsarbeid som kommunen ville ha plikt til å utføre dersom omsorgsytaren ikkje hadde gjort det. Dette betyr at den som har bistandsbehovet må fylle vilkåret i pasient- og brukerrettigheitslova § 2-1 a annet ledd, det vil sei at det er nødvendig med helse- og omsorgstenester. Omsorgsarbeidet må vere særlig tyngande, av eit visst omfang og er/forventa å vare i lang tid. Særlig tyngande omsorgsarbeid kan vere meir fysisk eller psykisk belastande enn vanlig, føre til isolasjon og mangel på ferie og fritid, om søkar har inntektstap og omsorgsplikt.Når det gjeld barn må det ttakast omsyn til at foreldre har lovpålagt omsorgsplikt etter barnelova. Omsorgsarbeid som er vanleg for barn på samme alder reknast ikkje som særlig tyngande. Det er omsorgsarbeid som klart overstig det som er vanleg, eller som går ut over det ein med rimeligheit kan forventa at foreldra skal kunne ivareta, som regnes som sørlig tyngande.Det er ei forutsetning at både den som har hjelpebehovet og omsorgsytaren ønskjer at den pårørande skal fortsette med arbeidet. Det er unntak frå dette vilkåret i barnefamiliar der foreldra har omsorgsplikt. Det skal likevel takast omsyn til at kan vere naturleg at ungdom gis mogligheit for privatliv, og at foreldra difor ikkje alltid er dei rette til å utføre alle omsorgsoppgåver.Slik søker duLes meir korleis du søker på helse- og omsorgstenester herSlik klager duLes meir korleis du klagar på helse- og omsorgstenester her.Kva kostar det?Tenesta er gratis.RegelverkHelse- og omsorgstenestelova §3-6 Lov om pasient- og brukerrettigheter (pasient- og brukerrettighetsloven) Veileder om pårørende i helse- og omsorgstjenesten Sist endra 14.06.2024 09.38