HjelpemiddelUtlån av hjelpemiddel er eit tilbod til deg som grunna sjukdom eller nedsett helse kan ha nytte av hjelpemiddel for å greie daglege gjeremål, og for å kunne vere meir sjølvstendig i eige liv. Korttidslån Ved kortvarig behov for enkle hjelpemiddel som til dømes krykker, toalettforhøgar, sjukeseng og arbeidsstol, kan du få låne dette av kommunen. Utlånstid er 3 månader, med mindre noko anna vert avtalt. Heimetenesta har eit lager med enklare hjelpemiddel, og dei kan kontaktast for spørsmål om utlån. Langtidslån Har du eit langvarig behov for hjelpemiddel, må du ta kontakt med ergoterapeut. Ergoterapeut bistår med å finne ut kva hjelpemiddel du kan ha behov for, og søker til NAV Hjelpemiddelsentral Møre og Romsdal om utlån. Ved behov for reparasjon av hjelpemiddel, ta kontakt med heimetenesta eller heimevaktmeister. Kven kan låne hjelpemiddel? For å få låne hjelpemiddel i Vestnes kommune, må du bu eller opphalde deg i kommunen. Kva kostar det? Det er gratis å låne hjelpemiddel. Slik tek du kontakt Eining for tildeling og koordinering kan vidareformidle henvendigar til ergoterapeut/fysioterapeut. Nyttige linkar NAV hjelpemiddelsentral Møre og Romsdal Hjelpemiddeldatabasen Korleis søke om hjelpemiddel? Regelverk Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester Lov om pasientrettigheter Sist endra 26.09.2023 21.33