Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehold utdatert informasjon

Dagsenteret Strandbo

Dagsenteret Strandbo gir dagtilbod til ca. 35 personar frå kommunen. Dagtilbodet er variert, men er samtidig individuelt tilrettelagt. Brukarane av Dagsenteret har svært ulikt funksjonsnivå, difor er også aktivitetane mangfaldige. Dagsenter Strandbo består av produksjonsavdeling, bruktbutikk, aktivisering og kantine.

Tilbod til brukarane

Dagsenteret produserer og sel vevde, broderte og strikka produkt. Ei utegruppe produserer og sel ved. 

Vi driv også ei kantine. Kantina er ein del av Dagsentertilbodet. Kantina sel middag på onsdag og fredag. Dei leverer mat til interne møter i kommunen. I tillegg til ein rikhaldig lunsjmeny.

Dagsenteret administrerer utkøyring av mat frå sentralkjøkkenet. Dette er ein populær aktivitet blant brukarane av dagsenteret.

På dagsenteret er det også ein bruktbutikk. Her kan du levere brukte ting, eller kjøpe brukte ting for ein billig penge.

Ikkje alle brukarane av Dagsenteret er istand til å produsere noko, og for dei har vi ei eiga avdeling som fokuserer mykje på det sosiale, eit avbrekk på dagen, og andre alternative sansestimuleringar. Vi har mellom anna eit eige sanserom.

Følg oss på Facebook.

Butikkutsal   

Produkta vi lagar blir seld i butikken vår og på diverse messer. Butikken er open på kvardagar kl 08:00 - 15:00.

Kontakt

Dagsenteret Strandbo
Telefon 94 80 57 84

Opningstider

Kvardagar 08:00 - 15:00 

Adresse

Besøksadresse

Myra 12
6390 Vestnes

Kart