Kven kan få omsorgsstønad?
Pårørande eller andre som utfører særlig tyngande omsorgsarbeid for funksjonshemma, sjuke eller pleietrengande personar.
Kva kan du få?
Omsorgstønad er meint å gi ein økonomisk annerkjennelse for det omsorgsarbeidet den private omsorgsytaren gjer, og kan gis i kombinasjon med eller i staden for andre helse- og omsorgstenester.
Omsorgstønad skal bidra til best mogleg omsorg for den som treng hjelp i dagleglivet, og gjer det mogleg for private omsorgsytarar å halde fram med omsorgsarbeidet.
Ordninga med omsorgsstønad tek ikkje sikte på å gje dei som har særlig tyngande omsorgsarbeid full løn for kvar time dei arbeider, men er ei godtgjering for omsorgsarbeidet som blir utført. Det blir etter ei individuell vurdering fastsatt antall timar som blir godtgjort.
Omsorgsstønad gis til samme formål som hjelpestønad frå NAV, som gis til den som har hjelpebehovet for at vedkommende skal kunne betale for private omsorgstenester. Kommunen kan kreve at det blir søkt om hjelpestønad ved søknad om omsorgsstønad, og kan gjere ei foreløpig berekning av omsorgsstønad, som blir avvkorta ved innvilga hjelpestønad.
Hjelpstønad er skattefri, mens omsorgsstønad er skattepliktig inntekt og vil gje grunnlag for opptening av pensjonspoeng.
Krav til søker
- Det forutsett at den private omsorgsytaren utfører omsorgsarbeid som kommunen ville ha plikt til å utføre dersom omsorgsytaren ikkje hadde gjort det. Dette betyr at den som har bistandsbehovet må fylle vilkåret i pasient- og brukerrettigheitslova § 2-1 a annet ledd, det vil sei at det er nødvendig med helse- og omsorgstenester.
- Omsorgsarbeidet må vere særlig tyngande, av eit visst omfang og er/forventa å vare i lang tid. Særlig tyngande omsorgsarbeid kan vere meir fysisk eller psykisk belastande enn vanlig, føre til isolasjon og mangel på ferie og fritid, om søkar har inntektstap og omsorgsplikt.
- Når det gjeld barn må det takast omsyn til at foreldre har lovpålagt omsorgsplikt etter barnelova. Omsorgsarbeid som er vanleg for barn på samme alder reknast ikkje som særlig tyngande. Det er omsorgsarbeid som klart overstig det som er vanleg, eller som går ut over det ein med rimeligheit kan forventa at foreldra skal kunne ivareta, som regnes som sørlig tyngande.
- Det er ei forutsetning at både den som har hjelpebehovet og omsorgsytaren ønskjer at den pårørande skal fortsette med arbeidet. Det er unntak frå dette vilkåret i barnefamiliar der foreldra har omsorgsplikt. Det skal likevel takast omsyn til at kan vere naturleg at ungdom gis moglegheit for privatliv, og at foreldra difor ikkje alltid er dei rette til å utføre alle omsorgsoppgåver.
Du finn informasjon om rettleiing og opplæring her
Du finn Informasjon om avlastning her.
Slik søker du
Les meir korleis du søker på helse- og omsorgstenester her
Slik klager du
Les meir korleis du klagar på helse- og omsorgstenester her.
Kva kostar det?
Tenesta er gratis.
Regelverk
Helse- og omsorgstenestelova §3-6
Lov om pasient- og brukerrettigheter (pasient- og brukerrettighetsloven)
Veileder om pårørende i helse- og omsorgstjenesten