Transportteneste for funksjonshemma er ei fylkeskommunal ordning, der oppgåva med å behandle søknadane, samt innmelding og utmelding av brukarar er lagt til kommunane. Retningslinjene er vedteke av Samferdselsutvalget i Møre og Romsdal.
Du kan leser meir om ordninga på Fylkeskommunen sine nettsider
Kven kan få tilbodet?
- Personar som grunna sin funksjonshemming er varig forflytningshemma og derfor har vesentlege vanskar med å reise kollektivt, kan søke om TT-kort.
- Funksjonshemminga må vere varig eller lengre enn 2 år for at søkar skal bli godkjent som TT-brukar.
- Rullestolbrukarar og blinde har førsteprioritet.
- Nedre aldersgrense er 10 år. Det er ingen øvre aldersgrense.
- Manglande busstilbod eller lang avstand til busshaldeplass gir ikkje rett til TT-kort.
- TT-kortet blir utstedt for 2 år, ved større funksjonsnedsetting blir TT-kortet utstedt for 5 år.
Kva får du?
Godkjente brukarar får eit kort som skal brukast som betaling ved bruk av drosje. Kortet blir lasta opp med eit kronebeløp, ut frå satsar bestemt av Samferdselsutvalget i Fylket. Opplasting av kort skjer 1. januar og 1. juli kvart år.
Slik søker du
Det er din bustadkommune som behandlar søknadar om TT-kort. Du sender søknaden til kommunen, saman med legeerklæring som er utfylt av lege.
Søknadsskjema
Informasjon til søkar på TT-ordninga (PDF, 730 kB)
Legeerklæringsskjema
Informasjon til lege om utfylling av legeerklæring TT-ordninga (PDF, 731 kB)
Kva kan du bruke kortet til?
TT-kortet skal kun brukes til fritidsreise.
Du skal ikkje bruke TT-kortet til:
- Sjuketransport
- Legebesøk
- Andre reiser som blir dekt av NAV eller andre offentlege myndigheiter
- Hvis ikkje TT-kortet blir nyttet over ein samanhengande periode på 12 måneder, blir godkjenninga som TT-brukar trukke tilbake og kortet vil bli sperra.
Pris
Det er gratis å bli med i ordninga. Ved tap av kort kan ein få tilsendt eit nytt mot å betale kr 40. Denne summen blir trekt av det tildelte beløpet.
Du må sjølv betale ein eigenandel pr tur på kr 40r. Eigenandelen kan ikkje trekkast frå kortet, den må betalast separat.
Klage
Eventuell klage skal rettast til Vestnes kommune og blir behandla av kommunalt klageorgan. Klagefristen er 3 veker frå vedtaket er motteke, jfr. forvaltningslova §29.
Nye retningslinjer frå 2025
Møre og Romsdal fylkeskommune har vedtatt nye retningslinjer frå 1. januar 2025. I vedtaket står det at alle som har TT-kort i dag må søke på nytt i 2024, for å bli med i ordninga frå og med 2025. Frist for å søke på nytt vil vere 1. oktober 2024.
Retningslinjer for transporttjenesten for funksjonshemmede i Møre og Romsdal gjeld frå 1. januar 2025. (PDF, 942 kB)
Alle tidlegare brukarar av TT-ordninga skal ha fått tilsendt informasjonsskriv datert 16.11.2023 om dei nye retningslinjene og ny søknadsprosess.