FamilierettleiingFamilierettleiar tilbyr råd og rettleiing for foreldre/føresette med barn mellom 0-6 år i eit familieperspektiv.Kva kan du få råd og rettleiing om? sped- og småbarn med ekstra behov for oppfølging tilknyting -og samspelsutfordringar mellom barnet og foreldre/føresette regulering av følelsar og åtferd til dømes søvn, måltid, emosjonar og affekter familiar i konflikt Familierettleiaren si rolleFamilierettleiar koordinerer tverrfagleg team for barn mellom 0 - 6 år i kommunen.Familierettleiar er eininga sin kontaktperson ovanfor barn som pårørande mellom 0-18 år, der foreldre/føresette har ei psykisk liding, rusmiddelavhengigheit, alvorleg somatisk sjukdom eller skade. Familierettleiar har eit koordineringsansvar og skal sørgje for at nødvendige instansar vert påkalla.Lavterskeltilbod utan tilvisningFamilierettleiar er eit lavterskeltilbod på helsestasjonen utan behov for skriftleg tilvising. Tenesta har ingen akutt hjelpefunksjon. Foreldre/føresette kan ta kontakt via helsesjukepleiar eller direkte med familierettleiar pr. telefon/epost. Sist endra 07.08.2024 09.49