Aktivitetstilbod - dagsenterKommunen har ulike tilbod som er retta mot personar som kan ha behov for aktivisering og sosial kontakt, eller for å komme seg ut av ei isolert tilvære i heimen. Tilboda kan også vere ei avlastning for pårørande med stort omsorgsarbeid.Kva kan vi tilby?Våre aktivitets- og dagtilbod: Dagsenteret på Aktivitetssenteret Målgruppa er eldre heimebuande personarTilbodet er behovsprøvdTilbodet inneheld ulike aktivitetar, sosialt samvær og underhaldningDet blir servert frokost og middag som kvar enkelt betalar sjølv. Rekning blir sendt ein gong i månaden. Sentrum dagsenter Målgruppa er eldre heimebuande personar med demensTilbodet er behovsprøvdBrukarane blir henta og bringa i drosjeTilbodet inneheld ulike aktivitetar, sosialt samvær og underhaldningDet blir servert frokost og middag som kvar enkelt betalar sjølv. Rekning blir sendt ein gong i månaden. Myra aktivitetssenter Målgruppa er personar med utfordringar knytt til psykisk helse, rus eller andre samansette utfordringar.Tilbodet er eit lavterkseltilbod.Tilbodet inneheld ulike aktivitetar, sosialt samvær og utflukter.Det blir laga lunsj og middag som kvar enkelt betalar sjølv.Les meir om Myra aktivitetssenter her. Dagsenteret Strandbo Målgruppa er personar med utviklingshemning Tilbodet er behovsprøvd Tilbodet inneheld ulike aktivitetar og sosialt samvær Les meir om Dagsenteret Strandbo her. Slik søker duLes meir korleis du søker på helse- og omsorgstenester her.Kostar det noko?Tilbodet er gratis, men kvar enkelt må betale for måltida. Sjå kommunen sine betalingssatsar (Middag/måltid)Slik klager duLes meir korleis du klager på helse- og omsorgstenester her.RegelverkDette er eit kommunalt servicetilbod som ikkje er ei lovpålagt teneste. Sist endra 05.02.2024 14.27