Forsørgjarfrådrag
Som hovudregel blir det gitt frådrag i eigenbetalinga dersom du har ektefelle, sambuar eller mindreårig barn som bur heime.
Frådraget skal minst tilsvare dei brutto pensjonsytingane som ektefelle/sambuar eller barn hadde fått frå folketrygda dersom bebuar var død.
Frådraget blir redusert dersom ektefelle/sambuar eller barn har eiga arbeidsinntekt eller mottar pensjon frå folketrygda.
Det blir også gitt 50% frådrag av bebuars brutto pensjonsytingar som kjem frå andre enn folketrygda. Eksempel på dette er tenestepensjon eller andre private pensjons- eller forsikringsordningar.
Forsørgjarfrådrag er eit frådrag som skal dekke bebuars del av bu utgifter i felles bustad.
Frådrag for utgifter til bustad
Du kan søke om å få frådrag på faste og dokumenterte utgifter til bustad. Frådrag vert gitt etter ei vurdering av dine økonomiske forhold. Dette gjelder utgifter som husleige, kommunale avgifter, straum, hus- og innbuforsikring.
Vurderingar etter følgjande retningslinjer:
Bebuar utan heimebuande ektefelle
- Ved langtidsopphald kan det gis frådrag dersom du ved siste skattemelding før innflytting har bankinnskot under 0,5 G.
- Frådrag for dokumenterte bo utgifter vert som hovudregel ikkje gjeve for meir enn 3 månader. I særskilte tilfelle kan det gis frådrag i inntil 6 månader.
- Utgifter må dokumenterast med kontoutskrift eller stempla kvittering frå bank før vi kan gje refusjon.
- Ved korttidsopphold over 60 døgn kan frådrag gis frå den dagen du begynte å betale etter inntekt dersom likvid formue er under 0,5 G.
Bebuar med heimebuande ektefelle
- Ved langtidsopphold blir det ikkje gitt frådrag for bo utgifter.
- Ved korttidsopphold over 60 døgn, dvs frå den dagen du begynte å betale etter inntekt, blir det ikkje gitt frådrag for bo utgifter dersom bebuar og ektefelle/sambuar har ei samla likvid formue over 1 G, frå den dagen du fekk vedtak etter reglane om langtidsbetaling.
Deling av dobbeltrom
- Om du utan å ønske det får plass på dobbeltrom, skal det trekkast frå eit fribeløp på 48.300 kroner i året (2024).
- Dette gjeld alle langtidsopphold og korttidsopphold over 60 døgn på dobbeltrom.
- Kommunen sin praksis er at ekstra fribeløp for ufrivillig dobbeltrom vert behandla i eige vedtak. Refusjon/utbetaling på bakgrunn av kvalitetssikra informasjon frå institusjonen skjer månaden etter at opphaldet på dobbeltrom har funne stad.