Sentralkjøkkenet

Sentralkjøkkenet held til i Misfjordvegen 2 og produserer middag til instiusjonar, dagsenter og heimebuande. 

Kven kan få tilbodet?

Sentralkjøkkenet produserer middag til heimebuande som på grunn av sjukdom, alder eller nedsett funksjonsevne ikkje er i stand til å syte for eige ernæringsbehov. Tenesta er behovsprøvd.

Les meir om matombringing til heimebuande.

Sentralkjøkkenet produserer omlag 230 middagar dagleg. I tillegg er vi avdelingskjøkken for sjukeheimen. Sentralkjøkkenet har 6,75 årsverk fordelt på 10 tilsette.

Måltida er laga med utgangspunkt i kosthaldshandboka, Veileder i ernæringsarbeid i helse- og omsorgstjenesten (PDF, 6 MB) utgitt av Helsedirektoratet. Dette går på menyval som er tradisjonell norsk mat, storleiken på porsjonane, næringsinnhald m.m.

Vi tilbyr også diett-kost ut frå behov. Døme på dette er diabeteskost, glutenfri kost, skånekost m.m.

Kva kostar det?

Sjå kommunen sine betalingssatsar her.
 

Kontakt

Silje Sanden Skogvoll
Avdelingsleiar
E-post
Telefon 48 20 69 04
Sentralkjøkkenet
Telefon 48 20 69 04

Adresse

Besøksadresse

Misfjordvegen 2
6390 Vestnes

Kart