Individuell plan og koordinatorKoordinerande eining i Vestnes kommune er organisert under Eining for tildeling og koordinering, og har det overordna ansvaret for individuell plan og for oppnevning, opplæring og veiledning av koordinator.Koordinerande eining skal:bidra til at dei som har samansette og langvarige behov for tenester opplever ein samanhengande behandlingsteneste.vere ein kontaktstad for alle som har spørsmål om koordinering av helse- og sosialtenester.gje opplæring, veiledning og informasjon om individuell plan, koordinatorar og koordinerande eining.sørge for at det blir utarbeida rutiner og prosedyrer for arbeidet med individuell plan.motta søknad/melding om behov for individuell plan og koordinator.syte for at det blir utnemt koordinator i samarbeid med den personlige koordinatorens nærmaste leiar.ha oversikt over individuelle planar og koordinatorar. Kven kan få tilbodet? For å få individuell plan og/eller koordinator er det eit kriterie om at ein har behov for langvarige og koordinerte helse- og omsorgstenester. Dersom en pasient eller brukar har behov for fleire tenester etter helse- og omsorgstenestelova, eller kombinasjon av slik teneste og teneste etter spesialisthelsetjenestelova eller psykisk helsevernlov, skal kommunen sørge for at det blir utarbeida ein individuell plan, og at planarbeidet koordinerast. Vedkommande har rett til å delta i arbeidet med sin individuelle plan, og det skal legges til rette for dette. Pårørende skal trekkast inn i den utstrekning pasient/brukar og pårørande ønskjer det. Dersom en pasient/brukar ikkje har samtykkekompetanse, har vedkommendes næraste pårørende rett til å medvirke saman med pasient/brukar Ein individuell plan gir ikkje pasient og brukar større rett til helse- og omsorgstenester enn det som følger av det øvrige regelverket. Kva skjer vidare? Etter motteken søknad/melding blir det vurdert om du har rett til individuell plan og/eller koordinator. Individuell plan skal utarbeidast og koordinator oppnemnast etter samtykke frå pasienten/brukaren, eller den som kan samtykke på vegne av vedkommande. Oppnemning av koordinator skal skje i samråd med tenestemottakar. Koordinator kan oppnemnast uavhengig om pasient/brukar ønsker IP. Den kommunale helse- og omsorgstenesta skal ved behov samarbeide med andre etatar Kva kostar det?Individuell plan og koordinator er gratis.Slik søker duLes meir korleis du søker på helse- og omsorgstenester herSlik klager duLes meir korleis du klagar på helse- og omsorgstenester her. Regelverk og planar Helse- og omsorgstenestelova (Individuell plan, koordinator og koordinerende enhet) Pasient- og brukerrettighetslova (Rett til individuell plan)Forskrift om habilitering og rehabilitering, individuell plan og koordinator IS-2651 Veileder om rehabilitering, habilitering, individuell plan og koordinator Veileder om oppfølging av personer med store og sammensatte behovForskrift om endring i forskrift 16. desember 2011 nr. 1256 om habilitering og rehabilitering, individuell plan og koordinator Individuell plan koordinator og koordinerende enheter - Handlingsplan 2017-2020 (PDF, 903 kB) Sist endra 06.02.2024 09.02