Klage på helse- og omsorgstenesterDu har rett til å klage på enkeltvedtak eller ei avgjersle. Du kan og klage på utføringa av helse-og omsorgstenesta. Slik klager du Klagen må vere skriftleg og grunngjeven. Klagen må vere underteikna av den vedtaket eller avgjersla er retta mot, eventuelt av verje eller andre med fullmakt. Fullmaktskjemaet finn du her. Fristen for å klage er 4 veker frå du fekk vite om vedtaket, og må vere postlagt før fristen går ut. Klagen sendast Vestnes kommune Eining for tildeling og koordinering Brugata 10 6390 Vestnes. Hjelp til å klage Du kan kontakte ein saksbehandlar på Eining for tildeling og koordinering for å få hjelp til å utforme klagen. Kontaktinformasjon til saksbehandlarane finn du ved å klikke på navnet: Marit K. Tomren Siri Myklebust Veronica Trandal Kva skjer vidare Dersom klaga er retta mot eit vedtak eller avgjersle vil Eining for tildeling og koordinering ta saka til ny vurdering og gå gjennom vedtaket på nytt. Medhald i klaga resulterer i eit nytt skriftlig vedtak som blir sendt til klagar. Om vedtaket eller avgjersla ikkje blir endra, blir klagen med saksutgreiing sendt vidare til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal for endeleg avgjerd. Om ein ikkje får medhold frå Statsforvaltaren er neste moglegheit å klage til Sivilombudsmannen. Lenke til informasjon om korleis ein klagar til Sivilombudsmannen. Dersom klaga gjeld tenesteyting vil Eining for tildeling og koordinering rette førespurnaden til leiar for aktuell eining for ein gjennomgang av tenesta. Ved usemje har pasient/brukar/partsrepresentant eller kommunen rett til å be Statsforvaltaren om vurdering av mogleg pliktbrot. Be om ei tilsynssak Dersom det har skjedd noko som du meiner er feil ved behandlinga eller omsorga du har fått, kan du be Statsforvaltaren opprette ei tilsynssak. Dette kan for eksempel vere dersom du meiner du: har fått feil behandling har fått feil medisin eller dose ikkje er nøgd med omsorga du har fått Slik ber du om ei tilsynssak. Regelverk Forskrift om habilitering og rehabilitering, individuell plan og koordinator Forskrift om endring i forskrift 16. desember 2011 nr. 1256 om habilitering og rehabilitering, individuell plan og koordinator Sist endra 11.10.2023 07.17