Er du bekymra for eit barn - mogleg vald eller overgrep?

Barn og unge som opplever vald og overgrep viser ofte lite utad og held det for seg sjølv. Enten fordi det er tabu og flaut, dei føler seg makteslause eller fordi dei er truga til tausheit. Det gjeld å vere merksam. Derfor ønskjer vi at du skal bry deg!

Eg vil vite

Eit av ti barn og unge har blitt utsett for vald og overgrep. Nettsida Jeg vil vite Gir både vaksne og barn kunnskap om kva vald og seksuelle overgrep er og kven du kan kontakte for å få hjelp.

Snakk med barnet

Det kan opplevast som vanskeleg å snakke med barn og ungdom om vald og overgrep. Men det er eit alt for viktig tema til å la vere. Nettsida Jeg vil vite gir enkle tips og råd til korleis du kan snakke med barn og ungdom om vald og overgrep. 

Kontakt hjelpeapparatet

Når du har grunn til å tro at eit barn blir utsett for vald eller overgrep, har du plikt til å seie ifrå.

Akutt hjelp

Dersom det er akutt, skal du straks varsle politiet og barnevernvakta - lenke til nettside.  

Overgrepsmottak

Overgrepsmottaket for Nordmøre og Romsdal og kommunane på Sunnmøre. 

Felles telefonnummer for overgrepsmottak i Møre og Romsdal er legevaktnummer 116 117

Bekymringsmelding til barnevernet

Dersom du er bekymra for eit barn eller ungdom kan du melde frå til barnevernstenesta. Du kan melde anonymt og barnevernet pliktar å undersøke saka. Send ei bekymringsmelding som privatperson eller som offentleg meldar. Du kan også søke råd hos barnevernet.

Samtale, råd og rettleiing

Ta kontakt med helsesjukepleiar i kommunenkrisesenteret i Molde eller andre i hjelpeapparatet for å få råd og rettleiing. Du kan også hjelpe barnet til sjølv å ta kontakt.

Kontakt

Vakttelefonar barnevern

Dersom du har blitt utsett for ei skremmande eller ubehageleg hending, eller du eller nokon andre du kjenner opplever noko vanskeleg heime – ta kontakt med barnevernet.

Dagtid: 

Politi: 02800
Barnevernstjenesten: 71 11 16 00

Kveldstid/helg:

Barnevernvakt: 97 60 16 16
Alarmtelefonen: 116 111