Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehold utdatert informasjon

Bli med - bli frivillig

Å vere med i ein organisasjon eller anna frivilligheit er kjekt! Og kva ein kan vere med på er så mykje forskjellig, både som deltakar, medlem eller frivillig. I Vestnes kommune er det mange ulike tilbod! Gjennom å delta i frivilligheita kan ein både dyrke interesser, lære noko nytt og bli kjent med andre og med plassen ein bur på.

I Vestnes kommune kan ein delta på mykje forskjellig, og det finns mange moglegheiter innan idrett, kunst og kultur, natur- og friluftsliv, musikk og interesseorganisasjonar.

Oversikt over lag og organisasjonar i kommunen finn du her.

Vil du vere med?

Om du har lyst til å bli med på noko kan du ta direkte kontakt med den organisasjonen du tenker passar deg. Du finn kontaktinformasjon her på sidene, Facebook er også ein god plass å søke etter informasjon. Mange lag og organisasjonar har aktive Facebook-sider, eller heimesider. 

Men har du lyst å vite litt meir om dei ulike moglegheitene, eller kanskje finn du ikkje det du leiter etter? Vestnes Frivilligsentral hjelper deg gjerne med informasjon og kontakt. Du kan ta kontakt på telefon eller e-post, eller gjennom å fylle ut dette skjemaet:

 

På Frivillighetsportalen legg organisasjonar også ut ulike oppdrag:

Frivillig.no

Kontakt

Karianne Bergset Austnes
Dagleg leiar Vestnes frivilligsentral
E-post
Telefon 97 48 44 78

Kart