Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehold utdatert informasjon
Friplass
Familiar med låg inntekt, kan søkje om å få dekka elevavgifta ved Vestnes Kulturskule.
Familiar kan søkje om å få dekka ein friplass pr born.
Kulturskulen kan innvilge friplass dersom familien si samla netto skattbare inntekt ikkje er over kr 350 000,-.
Inntektsgrunnlaget for friplass er fastsett av kommunestyret.
Skatteoppgjeret for siste år må leggast ved søknaden om friplass.
Korleis søke om friplass?
- Gå inn i elevportalen speedadmin: https://novestnes.speedadmin.dk/tilmelding#/
- Vel fagtilbodet FRIPLASS
- Legg inn ein merknad om kva fagtilbod de ønsker friplass i.
- Fyll ut resten av skjemaet som vanleg, og send det inn.
- Familiar med fleire born må sende inn ein søknad pr born.
- De kan søke på same måte for eksisterande elevar dersom de fyller kriteria. Vi vil vi fange dette opp når vi behandlar søknaden.
- Send siste års skatteoppgjer pr brev til Vestnes Kommune ved Kulturskulen, Rådhuset, Brugata 10, 6390 Vestnes
Skatteoppgjeret for siste år må vere kulturskulen i hende før søknaden blir behandla.
Alle søkarar vil få skriftleg tilbakemelding.
Søk om friplass
Sist endra 14.06.2023 11.53