Babysvømming

Vestnes kommune har ikkje tilbod om babysvømming for tida.

Kva kan vi tilby?

Babysvømming er fin aktivitet i vatn som skaper fullt fokus mellom barnet og dei vaksne. Babysvømminga vektlegg den nære kontakten mellom foreldra og barnet og eventuelle søsken.

Hovudmålet med babysvømminga er å lære barnet (og foreldre) tryggleik både over og under vatn. Dette skjer gjennom progresjon i ei kursrekke. Å lære seg respekt samstundes med tryggleik, skal  føre til ei livslang glede for dette våte elementet og auke lysta for mykje boltring i vatn.

Etter seks vekers kontroll med helsesøster, kan barnet starte med babysvømming. Barna er svært små da, men dei veks fort og etter ei kursrekkje, når både barnet og foreldra har fått erfaring, vil babysvømminga vere eit flott fellesskap som ein gleder seg å delta på.

Det betyr likevel ingen ting om barnet er eldre / fleire månader, ved første gangs kursrekkje. Instruktøren veit kva alder og uviklingstrinn barnet er i og plasserer vedkommande i rette kursgruppa. Når babyen og foreldra har gjennomført første kursrekkja, ønskjer dei vidareutvikling og starter på ei ny kursgruppe. Om ny kursgruppe ikkje er muleg, er det viktig å vedlikehalde øvingane dei har lært på kurset, heime i badekaret eller stampen.

NB:! Det er aldri for seint å starte på badekurs for babyar og eldre barn.

Kontakt

Kulturskulen
E-post
Mobil 90 04 34 95

Adresse

Myra 14
6390 Vestnes

Kart