Band og strengesintrumentHer finn du oversikt over dei ulike band og strengeinstrumenta vil tilbyr undervisning på i Vestnes kulturskule. Gitar Gitar I faget gitar kan kulturskueln tilby opplæring i akustisk og elektrisk gitar, samt moglegheita for bassgitar om ein skulle ønskje det. Her vil eleven vere innom musikk frå fleire sjangrar; pop/rock, viser og litt klassisk. I undervsininga vil eleven kunne lære besifringsspel, melodispel frå tablatur og spel etter notar. Undervisninga vil foregå enten individuelt eller i grupper. Dersom ein ønskjer meir samspel enn det ein får gjennom den vanlege planen, kan ein søkje om plass på band i tillegg. For dei minste elevane anbefalar vi å starte med akustisk nylonstrengsgitar i 3/4 størrelse. Eldre/større elevar kan bruke instrument i full størrelse. Om de ønskjer å leige instrument kan det vere at kulturskulen har eit som passar for eleven. PÅMELDING Bassgitar Bass Bassgitar er eit viktig instrument i mange musikksjangre. Det brukast oftast i band og storband, men dukke også opp i andre samenheng. Gjennom å spele bassgitar vil ein få moglegheit til å bli kjent med mange ulike sjangre som pop, rock, jazz, funk m.m. Ein vil lære å jobbe med gehørspel, besifringsspel samt musikk etter notar. Bassgitar er eit ganske stort instrument, og det kan være lurt å ha spelt gitar eller elgitar før ein byrjar på bass. PÅMELDING Fele Fele/fiolin Fele / Fiolin er eit strykeinstrument som kan brukast i dei fleste samanhengane. I undervisninga er vi innom fleire sjangrar, som til dømes klassisk, jazz, folkemusikk, filmmusikk, country, rock, osv. Fele / Fiolin er det minste av strykeinstrumenta. Eleven får lære å bruke buen på rett måte, produsere den rette tonen ved å plassere fingrane på gripebrettet, og lage fin klang i instrumentet. Vi brukar både notar og læring etter gehør. Elevane kan ta til i 1.klasse, men det går også bra å starte seinare. Vi har instrumenter som elevane kan leige. Samspel med andre elevar er viktig, og elevane får tilbud om å delta i Spelemannslaget Dåm og Drag, i strykeorkester eller i andre samanhengar. PÅMELDING Band Band Band-tilbodet har vore populært dei seinare åra, og for deg som kan litt på instrumentet frå før er kanskje dette tingen? Den vanlegaste bandbesetninga har vore trommer, bass, gitar, tangentar og sang, men spelar du eit anna instrument kan det gje nye og spennande moglegheiter! På bandundervisninga vil elevane lære å jobbe med samspel, med forståing av dei ulike instrumenta og kva for funksjonar dei har i bandet. Ein jobber med ulike sjangre ut i fra besetning, og bandmedlemma sine ønskjer. Det vil være fokus på innøving, prosessen med å forebu seg til konsert og til og med moglegeht til å spele inn ein demo. Kulturskulen har band-rom med slagverk, gitar/bassforsterkarar, el-piano og lydanlegg. Vi har også godt samarbeid med Vestnes Musikkverksted og brukar av og til musikkverkstaden sine øvingsrom til bandøvingane. Band frå kulturskulen deltek ofte under Vestnes Musikkverksted sine arrangement, i tillegg til kulturskulen sine eigne konsertar og prosjekt. PÅMELDING Slagverk - Bandretta Slagverk [Bandretta] Slagverk er den største instrumentfamilien. I fagtilbudet som er bandretta vil hovedfokuset være på trommesett. Ein vil ha fokus på varierte spelestilar og sjangre. Med teknikk både på skarptromme og heile settet. Fokuset her vil være mot pop, rock, jazz m.m. Eleven vil spele både aleine og i grupper. Her vil ein kunne lære seg å spele etter noter samt gehørspel. Undervisninga i slagverk er i kulturskulens lokaler. Anbefalt startalder er rundt 8-år, men det kan gjerast unntak. PÅMELDING Klippekort for vaksne Klippekort er eit tilbod til vaksne elevar. Er du vaksen og har spelt for mange år sidan? Da er kanskje klippekortordninga noko for deg som vil friske opp spelinga igjen! Har du ikkje spelt før? Du er aldri for gamal til å byrje. Eit kort kostar kr 2500,- og består av 10 undervisningstimar a 45 minutt. Denne tida vil kunne gje vaksne elevar ei meir fleksibel ordning. Tida avtales mellom lærar og elev, og kan variere etter eleven sitt ønske og læraren sin kapasitet. Klippekortet er personleg og kan ikkje benyttast av andre. Eleven må være over 18 år. Eit klippekort er gyldig den sesongen det er innvilga (skuleår) Klippekort er eit tilbod innanfor alle instrument, med atterhald om ledig kapasitet hos lærar. Ordinære elevplassar for elevar i grunnskulealder vil bli prioritert der det er rift om plassane. PÅMELDING Sist endra 10.04.2025 07.19