Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehold utdatert informasjon
Klippekort er eit tilbod til vaksne elevar.
Er du vaksen og har spelt for mange år sidan? Da er kanskje klippekortordninga noko for deg som vil friske opp spelinga igjen!
Har du ikkje spelt før? Du er aldri for gamal til å byrje.
Eit kort kostar kr 2500,- og består av 10 undervisningstimar a 45 minutt.
Denne tida vil kunne gje vaksne elevar ei meir fleksibel ordning. Tida avtales mellom lærar og elev, og kan variere etter eleven sitt ønske og læraren sin kapasitet.
- Klippekortet er personleg og kan ikkje benyttast av andre.
- Eleven må være over 18 år.
- Eit klippekort er gyldig den sesongen det er innvilga. (Skuleår)
Klippekort er eit tilbod innanfor alle instrument, med atterhald om ledig kapasitet hos lærar.
Ordinære elevplassar for elevar i grunnskulealder vil bli prioritert der det er rift om plassane.
PÅMELDING
Sist endra 08.01.2024 14.16