Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehold utdatert informasjon
Her finn du ei oversikt over dei ulike sangtilboda vi har i kulturskulen.
Hausten 2019 starta vi opp kulturskulen sitt barnekor. Dette er eit tilbod for elevar frå 2. årssteg og eldre.
Tid/stad og ev. aldersinndeling blir avgjort seinare
Kontingent: 500,- kroner per halvår
- med atterhald om nok påmeldte.
PÅMELDING
Sang
Stemmen er det instrumentet alle har og brukar kvar dag, og er det einaste instrumentet der ein formidlar tekst.
Når ein veit korleis stemmen verkar og korleis ein bruker dei naturlege funksjonar og utviklar dei vidare, vil ein ha høve til å lære seg det meste av kva som er nødvendig. Sangteknikk handlar mykje om å fjerne ukontrollerte begrensningar slik at stemmen kan jobbe fritt. Dette betyr at alle kan synge dersom dei ikkje hindrar stemmeproduksjonen.
Vi tilbyr undervisning i komplett vokalteknikk, komplett i den forstand at det skal dekke alle lydane stemmen kan produsere på ein sunn måte. For å sette saman eit repertoar, må eleven sjølv bidra med songar ein kan tenke seg å jobbe med. Ingen sangtimar er like, og det gjer det heile veldig spennande.
For å starte på solosang må eleven vere 10 år eller eldre.
Velkommen til sangundervisning ved Vestnes Kulturskule!
PÅMELDING
Klippekort er eit tilbod til vaksne elevar.
Er du vaksen og har spelt for mange år sidan? Da er kanskje klippekortordninga noko for deg som vil friske opp spelinga igjen!
Har du ikkje spelt før? Du er aldri for gamal til å byrje.
Eit kort kostar kr 2500,- og består av 10 undervisningstimar a 45 minutt.
Denne tida vil kunne gje vaksne elevar ei meir fleksibel ordning. Tida avtales mellom lærar og elev, og kan variere etter eleven sitt ønske og læraren sin kapasitet.
- Klippekortet er personleg og kan ikkje benyttast av andre.
- Eleven må være over 18 år.
- Eit klippekort er gyldig den sesongen det er innvilga (skuleår)
Klippekort er eit tilbod innanfor alle instrument, med atterhald om ledig kapasitet hos lærar.
Ordinære elevplassar for elevar i grunnskulealder vil bli prioritert der det er rift om plassane.
PÅMELDING
Sist endra 08.01.2024 14.16