Skiløyper
Kjersem grunneigarlag og Tresfjord idrettslag har bygd tre bruer på området ved Kjersemvatnet, og ved mykje snø vert det køyrt opp ei fin rundløype. Med mindre snø vert det køyrt opp skiløype på kommunevegen frå Sportskapellet i Vaksvika til kommunegrensa, med ein avstikkar opp på Grytalisetra. Terrenget er flatt og fint i starten av løypa frå varmestova og egner seg slik for alle, om det er for å lære seg å gå på ski, terpe teknikk eller berre nyte fjellet og naturen.
Varmestove

Varmestova er open heile døgnet når fylkesvegen på Ørskogsida er stengt. Ved store utfartsdagar er det servering. Kommunevegen på Vestnes-sida er blitt heilårsveg så det er lett å kome seg opp på fjellet. Varmestova er populær som både start og sluttpunkt for korte eller lengre turar.
Du finn fram ved å svinge frå hovudvegen ved Spar Tresfjord, og køyre rett fram forbi skulen og idrettsplassen, og deretter opp Kjersemdalen.
Nyttige lenker
Tur til Grytalisetra beskrive i morotur.no
I Morotur er turen beskreve med start frå Ørskog kommune, men det er heilårsveg opp Kjersemdalen frå Vestnes kommune.