Kven kan søke?
Lag og organisasjonar som er registrert i Frivilligregisteret og driv aktivitet i Vestnes kommune.
Ikkje registrert i Frivilligregisteret? Du kan registrere deg her.
Kva kan det søkast tilskot til?
Kommunale kulturmidlar er eit tilskot til den daglege drifta av lokale lag og organisasjonar. Barne- og ungdomsarbeid har høg prioritet.
Kulturmidlane er delt inn i desse kategoriane:
- Idrett og friluftsliv
- Song, musikk og scenekunst
- Andre kulturformål
Vestnes idrettsråd tilrår korleis midlane skal fordelast mellom idrettsorganisasjonane som er knytt til Noregs idrettsforbund. Eit lokalt råd tilrår korleis midlane skal fordelast i kategorien song, musikk og scenekunst, medan Kommunedirektøren tilrår fordelinga i kategorien andre kulturformål.
I kategorien andre kulturformål kan det i tillegg til ordinære kulturmidlar, også søkast om prosjektmidlar dersom laget har konkrete planar det komande året.
Vestnes formannskap vedtek den endelege tildelinga i alle kategoriane.
I tillegg til kulturmidlane, tildeler Vestnes kommune også midlar til ulike øyremerkte tilskot, ungdomstiltak, Ungdommens kulturmønstring og ungdomsstipend.
Slik søker du
Søknaden må innehalde informasjon om aktiviteten i laget.
Du søker kulturmidlar (aktivitetstilskot) her.
Vedlegg til søknaden:
- Årsmelding
- Rekneskap for siste året
Du kan laste opp vedlegga direkte i søknadsskjemaet.
Søknadsfristen er 25. april