Busetting

Vestnes kommune har busatt flyktningar sidan 2013. Det er kommunestyret som vedtar kor mange som skal busettast kvart år, etter anmodning frå Integrerings- og mangfolds direktoratet (IMDi).

Flyktningkontoret har individuell oppfølging av busette flyktningar i samarbeid med andre tenester.

Vestnes kommune har busett:

  • 15 flyktningar i 2013
  • 10 flyktningar i 2014
  • 10 flyktningar i 2015
  • 10 flyktningar i 2016
  • 10 flyktningar i 2017
  • 10 flyktningar i 2018
  • 11 flyktningar i 2019
  • 10 flyktningar i 2020
  • 23 flyktningar i 2021
  • 143 flytkningar i 2022
  • 111 flyktningar i 2023

Familiegjenforening og sekundærbusetting kjem i tillegg.

Flyktningane vil bli busett i kommunale og private bustader i Vestnes.

Nyankomne flyktningane vil hovudsakleg få opplæring i norsk og samfunnsfag, men også i det å bu og leve i Norge. Målet er at flyktningane skal bli sjølvstendige innbyggjarar i Vestnes så snart som råd.

Sjå www.IMDI.no

Kontakt

Kontortelefon Flyktningetensta
E-post
Telefon 90 54 95 09

For spørsmål om oppfølging av busette flyktningar, donasjon av kle og utstyr og anna generelle spørsmål.

Kathrin Furland
Einingsleiar
E-post
Telefon 40 89 11 83
Toril Hollingsæter Alvsåker
Avdelingsleiar
E-post
Telefon 97 96 26 70

Opningstider

Kvardagar 08:00 - 15:00

Adresse

Besøksadresse

Myra 21
6390 Vestnes

Kart