Formål med kurset
Formålet for tilskottsordninga er å gi eit målretta og fleksibelt tilbod til innvandrarar som har behov å styrke sine norskferdigheiter, ved å gi eit tilbud om eit begrensa tall timar lærarstyrt norskopplæring. Målsetninga er å få deltakarane opp på nivå B1 eller høgare i munnleg og/eller skriftleg norsk.
Ordningen skal bidra til innovasjon i metodar for norskopplæring, kor frivillige organisasjonar og offentlege og private aktørar samarbeider. Intensjonen er at ordninga skal føre til utvikling av fleire, fleksible tilbod om norskopplæring.
Er du i målgruppa?
Målgruppa er vaksne innvandrarar med begrensa norskferdigheter, med behov for å lære meir norsk, uavhengig av butid i Noreg og innvandringsårsak. Dei som kan få tilbod om norskopplæring gjennom ordninga er personar som har brukt opp sine rettigheiter til opplæring etter introduksjonsloven eller integreringsloven, eller som ikkje har rett til slik gratis opplæring.
Personar som tidlegare har delteke i opplæring gjennom norskopplæringsordninga, kan nytte ordninga på nytt etter fullført opplæring. Innanfor målgruppa prioriterer ein personar som, innanfor ramma av ordninga, har moglegheit til å komme opp på nivå B1 eller høgare i norsk munnleg og/eller skriftleg.
Slik søker du
Kurset har starta og kommunen tek ikkje imot fleire påmeldingar.
Kostar det noko?
Kursene i arbeidsnorsk er gratis.