Grunnskule for vaksne Vestnes vaksenopplæring tilbyr opplæring i basisfaga i grunnskulen; norsk, engelsk, matematikk, samfunnsfag og naturfag. Grunnskuleopplæring er ein naturleg del av introduksjonsprogrammet for flyktningar då mange manglar grunnskule eller manglar dokument som stadfester grunnskuleopplæring i heimlandet. Grunnskule for vaksne er elles eit tilbod til alle innbyggjarar i kommunen, både innvandrarar og norske. Opplæringa blir gitt i samsvar med læreplanverket for grunnskulen, og opplæringa kan avsluttast med ordinær grunnskuleeksamen dersom kandidaten ønskjer det. Målgruppe For å ha rett til grunnskuleopplæring, må den vaksne vere over opplæringspliktig alder ikkje ha rett til vidaregåande opplæring ha lovleg opphald i landet ha behov for grunnskuleopplæring Retten til grunnskuleopplæring for vaksne gjeld også dei som har fullført grunnskule, men som likevel treng grunnskule for å kome vidare i utdanning og arbeid. Vaksne skal få tilbod om realkompetansevurdering før inntak til grunnskole, og ho/ han har rett til særskilt språkopplæring inntil hun/ han har fått tilstrekkelege norskferdigheiter til å følge den ordinære opplæringa i norsk. Søkaren har rett til å få informasjon om spesialundervisning og rutinar for henvisning til PPT. Alle søkarar skal få kartlagt sine kunnskapar der ein også tek omsyn til skulegang frå heimlandet og eigne mål for opplæringa. Opplæringa skal tilpassast kvar enkelt deltakar sine behov. På Utdanningsdirektoratet sin nettside finn du informasjon om grunnskule for vaksne. Slik søker du Søk grunnskuleopplæring for vaksne her. Kostar det noko? Opplæringa er gratis dersom du er i målgruppa. Sist endra 11.08.2023 00.18