Norskopplæring

Vestnes vaksenopplæring tilbyr kurs på A1/A2 og A2/B1 nivå. Kursa følger Læreplan i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar.

Deltakarane skal ha ein individuell plan og blir plassert i grupper etter kartlegging av skulebakgrunn:

  • Alfagruppe for dei som ikkje har lært å lese og skrive
  • Spor 1 er tilrettelagt for dei med ingen eller særs liten skulebakgrunn.
  • Spor 2 er tilrettelagt for deltakarar som har ein del skulegang frå heimelandet.
  • Spor 3 er tilrettelagt for deltakarar med god allmennkunnskap. Dei har ofte vidaregåande skule og høgskoleutdanning frå heimelandet.

Kursa går kvardagar frå kl 08:30 - 11:00.

Vestnes vaksenopplæring kan tilby norskopplæring på kveldstid til arbeidsinnvandrarar dersom det melder seg nok deltakarar. Slike kurs kan òg organiserast i samarbeid med ei bedrift/ fleire bedrifter.

Rettar og plikter

Innvandrarar mellom 16 og 67 år som har rett og/ eller plikt til opplæring i norsk og samfunnskunnskap, finn informasjon på KompetanseNorge.

Norskprøven

Norskprøven blir arrangert fleire gongar i året. Informasjon om datoar for prøvene blir offentleggjort på Vestnes kommune si heimeside og på facebooksida til Vestnes kommune. Ta kontakt med Vestnes vaksenopplæring dersom du treng meir informasjon.

Informasjon om dei ulike prøvene og fristar for oppmelding finner du på KompetanseNorge.no.  

Kva kostar det

Dei som har rett og plikt til opplæring i norsk og samfunnskunnskap, får gratis opplæring og ein gratis avsluttande prøve. Dei med plikt til å ta opplæring og arbeidsinnvandrarar elles, må sjølv betale for opplæring og prøver.

Betalingssatsar – norskkurs for innvandrarar
Emne Pris
Norskkurs dagtid inntil 15 timar pr. veke. Lærebøker, ordliste og evt nettressurs kjem i tillegg. 7000,- pr semester
Prisen er den same for privatpersonar og bedrifter. Kurs til bedrifter vert å avtale særskilt Det må vere 12 påmelde deltakarar for å starte eigne kurs til bedrifter.
Norskprøven skriftleg 1200,-
Skriftleg delprøve - pr delprøve 600,-
Norskprøven munnleg 1200,-

Prøvene skal vere betalt på førehand og kan betalast med Vipps 538865. Kvittering må framvisast ved oppmøte. 

Nyttige lenker

Rett og plikt til norskopplæring 
Fritak fra plikt til opplæring 
Obligatoriske prøver 
Om prøva

Kontakt

Kvalifisering og integrering
Kathrin Furland
Einingsleiar
E-post
Telefon 40 89 11 83

Opningstider

Kvardagar 08:00 - 15:00

Adresse

Besøksadresse
Myra 21
6390 Vestnes

Kart