Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehold utdatert informasjon

Samfunnskunnskapsopplæring

Opplæring i samfunnskunnskap omfattar 7 obligatoriske emne.

Vaksne innvandrarar med opphaldsløyve som dannar grunnlag for permanent busetting, er pliktig til å gjennomføre 50 timer kurs i samfunnskunnskap eller lese sjølv pensumet på KompetanseNorge sine sider.  Dei er pliktig til å ta obligatorisk prøve på eige morsmål eller på norsk. Samfunnskunnskapsprøven på norsk er det same som statsborgarprøven som er krav om for den som vil søke norsk statsborgarskap.

Opplæringa skal gi deltakaren informasjon om rettar, plikter og moglegheiter og formidle kunnskap om sentrale verdiar i det norske samfunnet.

Opplæringa skal gis på eit språk eleven forstår. KompetanseNorge har lagt ut kurs på mange språk. Vestnes vaksenopplæring tilbyr kurs med morsmålshjelparar når det er behov for det.

Kursa får kvardagar frå kl 08:00 - 11:00.

Når kan du ta prøvene

Prøve i samfunnskunnskap på eige morsmål og på norsk/statsborgarprøva blir arrangert fortløpande når personar tar kontakt med Vestnes Vaksenopplæring og ønskjer å ta prøve. Prøvene skal vere betalt på førehand og kan betalast med Vipps 538865. Kvittering må fremvisast ved oppmøte.

Informasjon om dei ulike prøvene og fristar for oppmelding finn ein på KompetanseNorge.no.

Prisar

Kr 700 for Prøve i samfunnskunnskap på eige morsmål og på norsk
Kr 700 for Statsborgarprøven

 

Kontakt

Kvalifisering og integrering
Kathrin Furland
Einingsleiar
E-post
Telefon 40 89 11 83

Opningstider

Kvardagar 08:00 - 15:00

Adresse

Besøksadresse
Myra 21
6390 Vestnes

Kart