Avløysartilskot ved ferie og fritid

Avløysarordningane omfatter tilskot til avløysing ved ferie og fritid. Ordninga vert regulert i «Forskrift om produksjonstilskudd og avløsertilskudd i jordbruket»  Det kan søkast om tilskot for dokumenterte, faktiske utgifter til avløysing i perioden det vert søkt tilskot for. Korleis tilskot skal bereknast går fram av Jordbruksavtalen.

Tilskot til avløysing ved ferie og fritid (avløysartilskot) er ei refusjonsordning som skal leggje til rette for at husdyrbrukarar skal kunne ta ferie og få ordna fritid og hjelp til avlasting gjennom å bidra til finansiering av arbeidskraft som blir leigd inn. Ordninga skal bidra til «et aktivt og bærekraftig jordbruk innenfor de målsettinger Stortinget har trukket opp» (jf. forskrift om produksjonstilskudd og avløsertilskudd i jordbruket § 1).

Kven kan søke og korleis. 

Det vert stilt same krav som ved søknad om produksjonstilskot. 

Du kan få utbetalt avløysartilskot på bakgrunn av faktiske utgifter til avløysing.

Grunnlaget for kor store avløysarutgifter som kan bli refundert blir fastsett ut frå gjennomsnittet av tal dyr føretaket disponerer på teljedatoane 1. mars og 1. oktober. Føretaket må difor registrere tal dyr det har hatt både 1. mars (frist for registrering er 15. mars) og 1. oktober (frist for registrering er 15. oktober) sjølv om ein ikkje kan få husdyrtilskot for alle dyreslag.

Du kan søke om avløysartilskot ved del 2 av søknad om produksjonstilskot og tilskot til avløysing ved ferie og fritid. Søknadsskjemaet er felles for produksjonstilskot og avløysartilskot ved ferie og fritid.

Sjå meir om ordninga på landbruksdirektoratet si side

Kontakt

Alexander Kenneth Connor
Jordbruk- og miljøansvarleg
E-post
Telefon 99 26 66 30

Opningstider

Telefon- og opningstid:
Kvardagar 10:00 - 14:00

Oppfordrar publikum til å ta kontakt elektronisk.
Utanom opningstid må ein ha avtale på førehand.

Adresse

Besøksadresse

Rådhuset
Brugata 10
6390 Vestnes

Kart