Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehold utdatert informasjon
Alle som vil kjøpe og bruke plantevernmidlar må ha eit autorisasjonsbevis, såkalla sprøytemiddelsertifikat. Dette gjeld også ansvarshavande til forhandlarar av plantevernmidlar.
Autorisasjonen gjeld for 10 år frå avlagd eksamen. Ved fornying vert det stilt tilsvarande krav som ved fyrste gongen det vert tildelt.
Kven kan få autorisasjon / sprøytemiddelsertifikat
Autorisasjon kan verte tildelt personar som har fylt 18 år, og som har vore gjennom obligatorisk kurs og bestått eksamen/oppgåve og har dokumentert yrkesretta behov for kjøp og bruk av plantevernmidlar.
Oppgåvene med å arrangere kurs og tildeling av autorisasjonsbevis er delegert til kommunen og Fylkesmannen. I praksis er det andre aktørar i landbruket som arrangerar kurs, til dømes Norsk Landbruksrådgiving.
Kursarrangørar
Kommunen retter eksamensoppgåver og legg inn kandidatane i databasen til Mattilsynet. Kommunen kan ordne midlertidige bevis, og mattilsynet ordnar med hovudbeviset som varar heile perioden.
Meir om autorisasjonsbevis på sidene til Mattilsynet finn du her.
Har du mista beviset ditt? kontakt kommunen.
Sist endra 11.09.2023 11.13