Motorferdsel i utmark

I Norge skal motorferdsel i utmark og vassdrag skje på ein slik måte at vi vernar om natur og fremjar trivsel. Kommunen har ansvaret for at regelverket vert følgt.

Føremålet med  Motorferdselslova er å verne om naturmiljøet og sikre friluftsliv og rekreasjonsverdi. Lov om motorferdsel i utmark og vassdrag (motorferdselloven) har som utgangspunkt at motorisert ferdsel i utmark og vassdrag ikkje er tillete med mindre det følgjer av lova eller vedtak med heimel i lova.

Kven kan søke

Fastbuande og eigar av fritidseigedom kan søke på all motorferdsel i utmark

Alle kan søke på motorferdsel i utmark av luftfartøy

Søknad om dispensasjon

Vestnes kommune kan etter søknad gi dispensasjon til køyring i utmark. Søknader for motorferdsel i utmark vert behandla administrativt av kommunen. Dette gjeld all køyring i utmark, på barmark og snødekt mark, og køyring av luftfartøy i utmark med lasting og/eller lossing (uavhengig om luftfartøyet fysisk landar).

Søknadsfrist

Søknad om motorferdsel i utmark 

Frist for å søke motorferdsel i utmark på snødekt mark er 1. desember kvart år, før kvar vintersesong. Søknader som kjem inn etter denne fristen vert ikkje saksbehandla. 

Søknader om køyring på barmark og søknad om luftfartøy vert saksbehandla fortløpande heile året.

Kommunen minner om at det ifølgje forvaltningslova er ei saksbehandlingstid på inntil tre veker. Det er difor viktig at søknader kjem inn i god tid før gjennomføring av tiltaka det vert søkt løyve om.

Lenker

Miljøkommune  
Miljødirektoratet  
Motorferdsedselsloven  
Forskrift for bruk av motorkøyretøy i utmark etc.

Artikkelliste

Opningstider

Telefon- og opningstid:
Kvardagar 10:00 - 14:00

Oppfordrar publikum til å ta kontakt elektronisk.
Utanom opningstid må ein ha avtale på førehand.

Adresse

Besøksadresse

Rådhuset
Brugata 10
6390 Vestnes

Kart