Skogfond

Skogfondet er ein konto kor skogeigaren set av midlar til forvaltning av skogen. Skogeigar er blant anna pliktig til å setje av midlar ved alt sal av tømmer og biobrensel. Føremålet med ordninga er å sikre finansiering av ei berekraftig forvaltning av skogressursane.

 

Skogfondet skal gje skogeigaren eit betre grunnlag for langsiktige investeringar, og dessutan sikre viktige miljøverdiar i den skogen som virket/tømmeret kjem frå, eller i anna skog som skogeigaren har.

Kva kan skogfond nyttast til?

Skattefordelen-,  innbetaling- og utbetaling- og lønnsemd av å nytte skogfond

Kven har eller bør ha ein skogfondskonto    

Alle eigedomar med 10 daa skog eller meir har vanlegvis ein skogfondskonto. For å drive skog (til dømes tømmer og ved) til sal, er ein pliktig til å setje av skogfond av bruttoverdi, og må difor ha ein slik konto. 

Er du usikker på om du har ein slik konto kan du finne den via Altinn, eller du kan ta kontakt med kommunen.  

Forvalter av kontoen

Kommunen er forvalter av alle skogfondskontoar som er knytt til eigedomar i Vestnes kommune. Alle søknader om bruk av kontoen skal sendast til kommunen for saksbehandling, gjennom standardiserte skjema frå Landbruksdirektoratet. 

Utbetaling av udekka investering gjer skogeigar sjølv gjennom Altinn. Sjå landbruksdirektoratet si side i fana skogfond for innlogging til din skogfondskonto

Bruk av kontoen

Alle tiltak som er knytt til forskrift om skogfond kan nyttast via skogfondskontoen. Det må vere knytt til den aktuelle eigedomen, då kontoen høyrer til eigedomen. Kva skjema ein skal nytte er avhengig av kva tiltak ein gjer. Er det eit tiltak som er knytt tilskot til skal skjema for tilskotsordninga nyttast. Gjeld skjema rein utbetaling frå skogfond, til dømes om ein vil ha dekt utgifter som ikkje er knytt til tilskot, men som er heimla i forskrift om skogfond skal ein nytte skjema for utbetaling frå skogfond til diverse føremål SLF-907

Søknadsfrist  

Spesifiserte krav om utbetaling frå skogfondet skal sendast til kommunen seinast 1 – eitt – år frå utgangen av det kalenderåret investeringa blei gjort.

Alle krav om utbetaling skal vere tilstrekkeleg dokumentert og skogeigaren har plikt til å leggje fram den dokumentasjonen kommunen ber om jf. §12 i forskrift om skogfond 

Husk underskrift på alle søknader. Husk nødvendige vedlegg.

Regelverk   

Forskrift om skogfond 

Opningstider

Telefon- og opningstid:
Kvardagar 10:00 - 14:00

Oppfordrar publikum til å ta kontakt elektronisk.
Utanom opningstid må ein ha avtale på førehand.

Adresse

Besøksadresse

Rådhuset
Brugata 10
6390 Vestnes

Vil du snakke med saksbehandlar

Kart