Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehold utdatert informasjon

Skogsdrift

I Møre og Romsdal er det ulike tilskotsordningar for avverke av skog, og dei er ofte nødvendige for å kunne ta ut skog på Nord Vestlandet. Ein av hovudårsakane til det er det bratte terrenget vårt, og ei utfordrande framkjømd, og ofte lang veg frå skogen til lunneplass.

Frå 1.1.2020 blei kommunen vedtaksmynde på søknader om tilskot til skogsdrift og skogsveg. 

Kven kan søke om tilskot 

Alle som eig skog og som har skogfondskonto kan søke om tilskot, når ein skal gjennomføre tiltaka som er lista opp i retningslinjene for mottak av tilskot.

Kva kan du søke tilskot på?   

Sjå Landbruksdirektoratet si side om skogsskjøtsel, for meir informasjon kring tilskot i skogsdrift. 

Skogsdrift - Landbruksdirektoratet

Slik søker du  

Alle tilskot til skogsdrift krev førehandsgodkjenning frå kommunen. Dette gjerast på følgjande skjema

Søknad om førehandsgodkjenning av tilskot til skogsdrift Vestnes kommune 

Når eit førehandsløyve er godkjent kan det verte søkt om utbetaling av tilskot. Dette skal normalt skje etter endt drift. Då skal ein fylle ut skjema Søknad om tilskudd til drift med taubane, hest o.a. SLF-916. Då skal målekvittering over mengde kubikk tømmer følgje med.

Kommunen skal ut å sjå på drifta/hogstflata, om den er gjennomført etter gjeldande regelverk og eventuelle vilkår som er sett i samband med søknad om tilskot. 

 

Vernskog

Er skogsdrifta i vernskog er dette ein medlepliktig del av hogsten og det skal sendast melding om hogst i forkant til kommunen. 

Husk underskrift og kart over tiltaket. 

Søknad skal sendast til kommunen

Søknadsfrist  

Søknadsfrist for søknad om tilskot til skogsveg  er sett til 15. mars kvart år, og andre runde med vurdering er sett til 15. august kvart år. 

Søknader om tilskot til skogsdrift har ingen frist, dei vert behandla fortløpande gjennom heile året. 

Lenke

Landbruksdirektoratet 

Opningstider

Rådhuset 10:00 - 14:00

Adresse

Post- og besøksadresse 

Vestnes kommune 
Rådhuset
Brugata 10
6390 Vestnes

Kart