Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehold utdatert informasjon

Sal av e-sigarettar

Etter dagens regelverk er det ikkje tillate å produsere, importere eller omsette e-sigarettar med nikotin. Nye reglar er fastsett av Stortinget og vert truleg iverksett i løpet av 2019.

Ny regulering truleg i 2019

I desember 2016 vedtok Stortinget å oppheve forbodet mot e-sigarettar med nikotin. Når det nye regelverket vert iverksett, må du også registrere sal av e-sigarettar med nikotin. Du må registrere deg seks månadar før du skal selje e-sigarettar med nikotin til forbrukarar.

Meir informasjon om regelverket vil komme nærare iverksetjinga.

E-sigarettar utan nikotin

Det er lovleg å selje e-sigarettar utan nikotin med 18-års grense. E-sigarettar er omfatta av reklame- og oppstillingsforbodet.

Sal av e-sigarettar utan nikotin er også registreringspliktig. Før du kan selje desse, må du registrere deg i Tobakkssalgsregisteret.

Opningstider

Telefon- og opningstid:
Kvardagar 10:00 - 14:00

Oppfordrar publikum til å ta kontakt elektronisk.
Utanom opningstid må ein ha avtale på førehand.

Adresse

Besøksadresse

Rådhuset
Brugata 10
6390 Vestnes

Kart