Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehold utdatert informasjon
Kven kan ta prøva?
Alle som ønskjer det kan ta kunnskapsprøva. Den som skal vere styrar eller stedfortredar på ein stad med sals- eller skjenkebevilling må ha bestått kunnskapsprøva.
Kvar tek du prøva?
Det er servicekontoret som avheld prøva i Vestnes kommune. Ta kontakt med saksbehandlar for å avtale dato og tid.
Gjennomføring av prøva
- Ta med gyldig legitimasjon (pass, førarkort eller bankkort med fødselsnummer og bilete).
- Prøva er ei fleirvalsprøve på 60 minutt. Du må svare riktig på 24 av 30 spørsmål.
- Prøva er på norsk. Du kan ikkje ha med tolk, men du kan bruke norsk ordbok.
- Prøva er elektronisk.
- Du kan ta prøva på nytt heilt til du består.
Tilrettelegging ved spesielle behov
Det er muleg å gje utvida tid til kandidatar som har behov for tilrettelegging, for eksempel ved dysleksi. Behovet må du dokumentere med legeerklæring. Du kan få inntil 30 minutt meir tid.
Ta kontakt med oss, dersom du har behov for anna tilrettelegging.
Kva koster det?
Pensum
- Pensum for salsbevilling: Alkohollova kapittel 1, 3, 7-9 og alkoholforskrifta kapittel 1-3, 5-6, 8-11, 14
- Pensum for skjenkebevilling: Alkohollova kapittel 1, 4-5, 7-9 og alkoholforskrifta kapittel 1-2, 4-6, 8-11, 14
- Pensum for kontrollørar: Alkohollova kapittel 1, 3-5, 7-9 og alkoholforskrifta kapittel 1-6, 8-11, 14
Du kan kjøpe læremateriell hos Vinn (vinn.no).
Bevis
Alle som består kunnskapsprøva får eit prøvebevis, som det er viktig å ta vare på. Dette er dokumentasjon om at du har naudsynt kunnskap om alkohollovgivinga. Beviset er gyldig på ubestemt tid. Det vert sendt til deg i etterkant.
Sist endra 16.10.2023 14.51