Alminneleg skjenkebevilling (permanent)

Når treng du skjenkebevilling?

  • Skal du starte ein serveringsstad og ønskjer å skjenke alkohol, må du søke om både serverings- og skjenkebevilling. Les meir om serveringsbevilling.
  • Har du serveringsbevilling frå før og ønskjer å skjenke alkohol, må du søke om skjenkebevilling.

Krav som du må oppfylle

  • Styrar og stedfortredar ved staden må ha bestått kunnskapsprøva
  • Styrar og stedfortredar ved staden må vere over 20 år
  • Styrar og stedfortredar må vere tilsett ved staden eller arbeide der i kraft av eigarstilling
  • Alkohollova stiller krav om uklanderleg vandel
  • Ved eigarskifte må du søke om ny bevilling

Korleis søke om skjenkebevilling?

Du må sende oss ein søknad om skjenkebevilling. Søknadsskjemaet er elektronisk. Du må laste opp eventuelle vedlegg i søknaden.

Vedlegg som må følgje søknad om skjenkebevilling 

  • Dokumentasjon på at styrar og stedfortredar på staden har bestått kunnskapsprøve
  • Dokumentasjon på at styrar og stedfortredar er tilsett ved skjenkestaden
  • Stadfesta kopi av serveringsbevilling dersom det berre blir søkt om skjenkjebevilling
  • Firmaattest for alle selskapa som er involverte i drifta av skjenkjestaden (Brønnøysundregistra)
  • Planteikningar over arealet og funksjonane i lokalet
  • Bruksløyve frå bygningsmyndigheitene
  • Kopi av melding til Mattilsynet

Kor lang tid tek det?

Kommunen skal behandle søknad om skjenkebevilling innan tre månadar etter at du har sendt inn ein fullstendig søknad. Søknaden vert sendt på høyring til politiet, Skatteetaten og sosialtenesta. Behandlingstida kan ta lengre tid, dersom høyringsinstansane brukar lang tid, har merknader til søknaden eller dersom du gjer endringar undervegs i søknadsbehandlinga.

Lover og reglar

Oversikt over lover og reglar som gjeld for serverings-, sals- og skjenkestadar.

Kontakt

Asbjørg Oddny Folland
Saksbehandlar
E-post
Telefon 90 91 38 03

Opningstider

Telefon- og opningstid:
Kvardagar 10:00 - 14:00

Oppfordrar publikum til å ta kontakt elektronisk.
Utanom opningstid må ein ha avtale på førehand.

Adresse

Besøksadresse

Rådhuset
Brugata 10
6390 Vestnes

Kart