Eigarskifte og drift på tidlegare eigars bevillingHar du overtatt ein eksiterande sals-, skjenke- eller serveringsstad, kan du drive vidare på tidlegare eigars bevilling, mens du ventar på at din nye søknad vert behandla. Dette gjeld kun i ein overgangsperiode på tre månadar og berre dersom bestemte vilkår er oppfylt.Vilkåra må vere oppfylt for å kunne drive på tidlegare eigars bevilling i ein overgangsperiode Kommunen må få beskjed om at det har skjedd ei overdraging av verksemda og at du ønskjer å ta i bruk tidlegare eigars bevilling. Du må søke om ny bevilling innan lovbestemte tidsfristar: Etter serveringslova må du søke om ny bevilling innan 30 dagar etter at du inngjekk avtale om overdraging. Etter alkohollova må du søke om ny bevilling innan 30 dagar etter sjølve overdraginga. Ver merksam på at du må overhalde serveringslova sin frist, dersom du skal overta ein skjenkestad, sidan ein skjenkestad alltid har både serverings- og skjenkebevilling. Det må ligg føre eit rettsleg suksesjonsforhold mellom tidlegare og noverande eigarKva er eit eigarskifte?Eksemplar på kva som vert rekna som eigarskifte: Kjøps- eller salssituasjon mellom to avtalepartar Vesentlege endringar i eigarandelar i selskapet som innehar bevillinga Skifte mellom selskap i same konsern Skifte av selskapsform (sjølv om eigarinteressene heilt eller delvis er dei same som før)Korleis melde frå til kommunenDu kan sende ein e-post til postmottak@vestnes.kommune.no eller eit brev til Vestnes kommune, Rådhuset, Brugata 10, 6390 Vestnes.RegelverkOversikt over lover og regler som gjelder for serverings-, salgs- og skjenkesteder. Sist endra 02.12.2018 20.36