Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehold utdatert informasjon
Når treng du serveringsbevilling?
Vil du starte ein stad der det vert servert mat og/eller drikke, må du ha serveringsbevilling. I nokre få tilfelle treng du ikkje serveringsbevilling (for eksempel kakesal på 17. mai).
Krav som du må oppfylle
Dagleg leiar ved staden må ha bestått etablerarprøva.
Slik søker du
Du må sende oss ein søknad om serveringsbevilling. Søknadsskjemaet er elektronisk. Du kan laste opp alle vedlegg i søknaden.
Vedlegg til søknaden
- Stadfesta kopi av bevis for bestått etablerarprøve for dagleg leiar på serveringsstaden
- Dokumentasjon på at styrar og stedfortredar er tilsett ved serveringsstaden
- Firmaattest for bevillingssøkjaren og eigarar med vesentleg eigardel
- Planteikning over serveringsstaden
- Bruksløyve frå bygningsmyndigheitene
- Kopi av melding til Mattilsynet
Kor lang tid tek det?
Kommunen skal behandle søknad om serveringsbevilling innan 60 dagar etter at du har sendt inn ein fullstendig søknad. Søknaden vert sendt på høyring til politiet og Skatteetaten. Behandlingstida kan ta lengre tid, dersom høyringsinstansane brukar lang tid, har merknader til søknaden eller dersom du gjer endringar undervegs i søknadsbehandlinga.
Lover og reglar
Oversikt over lover og reglar som gjeld for serverings-, sals- og skjenkestadar.
Sist endra 02.12.2018 20.29