Sjekk planer og føresegner for din eigedom
Før du bygg, riv eller endrar må du sjekke planar som omhandlar eigedomen din. Planar og føresegner er avgjerande for kva du kan gjere av endringar, og kva du kan bruke bygget på eigedomen din til. Sjekk om tiltaket er i samsvar med plana som gjeld i området.
Søk i kart og planinnsyn.
Er tiltaket i konflikt med planen, må det eventuelt søkast om dispensasjon.
Før ein startar med eit prosjekt, kan ein avtale møte med kommunen for å få svar på spørsmål om byggetiltaket.
Slik søker du
Søk elektronisk i dibk.no/tjenestene
Søk med papirskjema
Ein del informasjon skal fyllast ut i sjølve søknaden, og noko skal leggast ved som vedlegg. Send søknaden til kommunen via post, epost eller lever den til servicekontoret.
Innhald og vedlegg i søknaden
Forklar kva du søker om
Legg ved eit kort følgjebrev til søknaden som gjer det enkelt for saksbehandlar å setje seg inn i kva du søker om.
Nabovarsel
Bestill naboliste på Ambita Infoland ved å skrive inn adressa di i søkemotoren (til ambita infoland lenka) kjem dei ulike dokumenta du kan bestille opp. Du kan og bestille denne med kommunen.
Send ut nabovarsel basert på motteken naboliste. Naboen skal sjå teikningar og situasjonsplan som viser kva du skal gjere. Dei skal ha minst 14 dagar på å få uttale seg om tiltaket.
Når du sender inn søknaden skal du legge ved:
- Blanketten opplysningar gitt i nabovarsel
- Blanketten kvittering for nabovarsel
- Eventuelle merknadar frå naboar i tillegg til dine kommentarar til dei.
Les meir om nabovarsling eller finn skjema
Kart
Skriv ut situasjonskart på karttenesta www.seeiendom.no eller kontakt oss for hjelp.
På seieiendom.no må du skrive inn 1535 så ditt gnr/bnr i søkemotoren.
Kartet skal vere i målestokk 1:500 (1:1000 for store tiltak). Byggetiltaket teiknar du inn på dette kartet. Husk å sette mål på tiltaket, samt avstand til grenser til veg og bygg like ved. Uteareal med garasje/biloppstillingsplass og snuplass skal også visast.
Teikningar
Målsett plan-, snitt- og fasadeteikningar i 1:100. Sjå krav til dokumentasjon for teikningar i byggesaker (PDF, 26 kB)